Språk i India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utbreiinga av dei viktigaste språkfamiliane i India og nabolanda.

India er eit av dei mest språkrike landa i verda. Kor mange språk det er i India er omstridd, dette heng saman med skiljet mellom språk og dialekt. Folkelege rekningar oppgjev minst 30 ulike språk og rundt 2000 dialektar, medan andre kjelder som Ethnologue oppgjev 415 levande språk i India.

Den indiske grunnlova nemner tre kategoriar av offisielle språk: Dei offisielle språka som kvar delstat skal velja for sitt eige bruk, språket som skal vera offisielt språk for heile landet og skal brukast av sentralregjeringa, og 22 andre godkjende språk som har ein spesial status. Grunnlova gjev kvar delstat fridom til å velja kva språk som skal brukast av lokaladministrasjonen for alle offentlege føremål. Dette kan vera engelsk, hindi eller andre språk som blir tala i delstaten, og delstaten kan velja eitt eller fleire. Sidan delstatane i India blei danna med språkleg grunnlag har nesten alle fest eit lokalt språk som offisielt språk.

Urdu, hindi og engelsk på skilt i ein butikk i Hyderabad.

Grunnlova nemner hindi som offisielt språk for heile landet. Den opphavlege planen var at engelsk skulle fungera som eit offisielt tilleggsspråk i ein overgangsperiode opp till 1965, og skulle avløysast av hindi etter det. Planen blei stogga i 1963 på grunn av motsegn frå ein del delstatar, særleg Tamil Nadu, der berre ein liten del av folket kan hindi, og i dag er både engelsk og hindi framleis i bruk i sentralregjeringa. Sentralregjeringa bruker hindi for kommunikasjon med delstatar som har valt hindi som offisielt språk eller vil bruka hindi med henne, og engelsk med alle andre delstatar.

Grunnlova godkjenner også 22 andre språk som «nemnde språk». Desse språka kan brukast i alle eksamar for å få offentleg jobb ved den nasjonale statsadministrasjonen, og alle søkjarar for ein slik jobb må visa kompetanse i eit «nemnd språk». Kvart «nemnd språk» må også få representasjon på den nasjonale «kommisjonen for offisielt språk».

På grunn av arven frå kolonitida held engelsk fram med å vera eit viktig kommunikasjonsspråk i regjeringa, og forsøk på å fjerna engelsk er no effektivt gjeve opp, sjølv om bruk av hindi er enno eit emne som vekkjar sterke kjensler i nord-India.

Offiselle språk (sentraladminstrasjonen)[endre | endre wikiteksten]

  1. Hindi
  2. Engelsk

Språk nemnde på lista vedlagt grunnlova[endre | endre wikiteksten]

  1. Assamesisk (offisielt språk i Assam)
  2. Bengali (offisielt språk i Tripura og Vest-Bengal)
  3. Bodo (offisielt tilleggsspråk i Assam)
  4. Dogri (offisielt språk i Jammu og Kashmir)
  5. Gujarati (offisielt språk i Dadra og Nagar Haveli, Daman og Diu, og Gujarat)
  6. Hindi (offisielt språk Andaman- og Nicobarøyene, Bihar, Chandigarh, Chhattisgarh, Delhi, Haryana, Himachal Pradesh, Jharkhand, Madhya Pradesh, Rajasthan, Uttar Pradesh og Uttaranchal)
  7. Kannada (offisielt språk i Karnataka)
  8. Kashmiri
  9. Konkani (offisielt språk i Goa)
  10. Maithili (offisielt språk i Bihar)
  11. Malayalam (offisielt språk i Kerala og Lakshadweep)
  12. Manipuri (Meithei) (offisielt språk i Manipur)
  13. Marathi (offisielt språk i Maharashtra)
  14. Nepali (offisielt språk i Sikkim)
  15. Oriya (offisielt språk i Orissa)
  16. Panjabi (offisielt språk i Punjab)
  17. Sanskrit
  18. Santali
  19. Sindhi
  20. Tamil (offisielt språk i Tamil Nadu og Pondicherry)
  21. Telugu (offisielt språk i Andhra Pradesh)
  22. Urdu (offisielt språk i Jammu og Kashmir)

Andre store språk i India[endre | endre wikiteksten]

(over 5 millionar talarar men utan offisiell status)

  1. Awadhi (av mange sett på som ein variant av hindi)
  2. Bhili (bhilfolk)
  3. Bhojpuri (språk i Bihar, av mange sett på som ein variant av hindi)
  4. Bundeli (av mange sett på som ein variant av hindi)
  5. Chhattisgarhi (språk i Chhattisgarh, av mange sett på som ein variant av hindi)
  6. Gondi (gondfolk)
  7. Haryanvi (språk i Haryana, av mange sett på som ein variant av hindi)
  8. Hindustani (ei «blanding» av hindi og urdu, snakka mest i Nord-India)
  9. Kanauji (språk i Uttar Pradesh, av mange sett på som ein variant av hindi)
  10. Kodava, snakka i Kodagu distriktet i Karnataka
  11. Kutchi (språk i Kutch, eit område i Gujarat)
  12. Magahi (språk i sørlege Bihar, av mange sett på som ein variant av hindi)
  13. Marwari (språk i Rajasthan, av mange sett på som ein variant av hindi)
  14. Tulu (snakka av tuluar i Karnataka og Kerala)

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]