Mario & Luigi: Superstar Saga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mario & Luigi: Superstar Saga
Utviklar(ar) AlphaDream
Utgjevar(ar) Nintendo
Komponist(ar) Yoko Shimomura
Serie Mario & Luigi
Sjanger Rollespel
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Utgjeving NA 17. november 2003
JP 21. november 2003
EU 21. november 2003
AUS 21. november 2003
Medium Spelekassett på 64 megabit
Stødde einingar Game Boy Player, linkkabel
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

Mario & Luigi: Superstar Saga (マリオ&ルイージRPG Mario & Luigi RPG) er eit rollespel utvikla av AlphaDream for Game Boy Advance. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika den 17. november 2003, og i Japan, Europa og Australia 21. november same året. Spelet er det tredje i rekkja av Mario-rollespel, etter høvesvis Super Mario RPG: Legend of the Seven StarsSNES og Paper MarioNintendo 64. Ein oppfølgjar til Superstar Saga, Mario & Luigi: Partners in Time, kom i 2006 på Nintendo DS.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Mario & Luigi: Superstar Saga har eit kampsystem som liknar dei i Super Mario RPG: Legend of the Seven Stars og Paper Mario, der knappetrykk på rette tidspunkt kan gjeva ein fordelar i kamp, som auka effekt frå eigne åtak eller redusert skade frå fiendar. Dette systemet spelar ein større rolle i Superstar Saga, då korrekte knappetrykk ikkje berre aukar skaden frå åtak, men kan også brukast til å heilt unngå eller slå tilbake åtak frå fiendar. Brørne kan velja mellom fire handlingar i kamp; solo-åtak, brør-åtak, bruk av utstyr eller å rømma frå kamp. Særskilt for spelet er såkalla «brør-åtak» (en: Bros. Moves) som blir tilgjengelege i kamp etter kvart som ein lærer nye eigenskapar. Desse lèt Mario og Luigi gå laus på fiendar samla, og kostar dei såkalla Brør-poeng (BP). Desse spesielle åtaka gjer ofte meir skade enn vanlege solo-åtak, og ein kan velja tre nivå med varierande vanskegradar for kvart Brør-åtak.

I likskap med andre Mario-spel på Game Boy Advance inneheld Superstar Saga ei utgåve av Mario Bros. som ein kan kopla til dei andre Super Mario Advance-spela. Spelet stør også ristefunksjon om ein speler det på ein Game Boy Player med GameCube-kontroll.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]