Massey Ferguson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Massey-Ferguson 135 traktor. Fotografert av K.A. Gallis
Ein Massey-Ferguson 3660 traktor frå tidleg på 1990-talet

Massey Ferguson vart til ved at den kanadiske landbruksmaskin- og traktor-produsenten Massey-Harris og det britiske selskapet Ferguson i 1953 slo seg saman til «Massey Harris Ferguson» (som i 1958 vart forenkla til «Massey Ferguson»).

Massey Ferguson utvikla seg til ein av dei største produsentane av landbrukstraktorar i verda. På trass av den kanadisk avstamminga forgjekk det meste av den nordamaerikanske produksjonen i USA. I Europa har/hadde Massey Ferguson store fabrikkar i Storbritannia og Frankrike. Traktorane vart òg produserte på lisens mange stader i verda: Jugoslavia, India, Iran, Pakistan, Polen, Tyrkia, Venezuela, osb.

1970-talet fekk Massey Ferguson økonomiske problem og kom under kontroll av Conrad Black, for så i 1981 å verta reorganisert som Varity Coorperation. I 1994 kjøpte AGCO Massey Ferguson og nyttar no «Massey Ferguson» som eit varemerke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]