Miguel Najdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Miguel Najdorf, opphavleg polsk Mendel (Mieczysław) Najdorf (15. april 19104. juli 1997), var ein opphavleg polsk, seinare argentinsk stormeister i sjakk.

Sjakkopninga Najdorf-varianten i siciliansk forsvar er kalla opp etter han. Dette er ei av dei aller mest populære sjakkopningane.

Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Siciliansk forsvar, Najdorf-varianten startar med trekka 1. e4 c5 2. Sf3 d6 3. d4 cxd4 4. Sxd4 Sf6 5. Sc3 a6

Najdorf var fødd i Grodzisk Mazowiecki nær Warszawa. Han fekk opplæring av Savielly Tartakower, som han alltid kalla «læraren min». Ut over på 1930-talet etablerte han seg som ein av dei aller beste spelarane i Polen, og spelte på Polen sine lag under sjakkolympiadane (lag-VM i sjakk) i 1935, 1936, 1937 og 1939.

den andre verdskrigen braut ut i september 1939, som følgje av at Tyskland invaderte Polen, spelte han på Polen sitt lag i sjakkolympiaden i Buenos Aires. Najdorf var jødisk, og valde då sjakk-OL var slutt, saman med mange andre av spelarane i turneringa, å bli verande i Argentina.

Ut over på 1940-talet etablerte han seg som ein av dei fremste spelarane i verda. Først ved sterke resultat i turneringar i Argentina, og etter krigen i større turneringar elles i verda.

I 1950 spelte han i kandidatturneringa for å kåre utfordraren til verdsmeisterskapen i sjakk, og vart nummer fem[1]. Tre år seinare, i kandidatturneringa i Zürich i 1953, kom han på sjette plass[2].

Najdorf vann mange store turneringar, også seinare i karrieren, for eksempel i Mar del Plata 1961 og i Havana 1962 og 1964. Han deltok med gode resultat i 11 sjakkolympiadar for Argentina, frå 1950 til 1976. Najdorf var også ein framifrå blindsjakkspelar.

Då Verdssjakkforbundet FIDE i 1950 innførte tittelen Internasjonal stormeister i sjakk var Najdorf ein av dei 27 første som vart tildelt denne tittelen.

Miguel Najdorf spelte ikkje sjakk profesjonelt på heiltid. Han hadde i Argentina ei suksessrik karriere i forsikringsbransjen. Han var likevel i mange år ein av dei fremste spelarane i verda.

Najdorf var ein munter person, og kjend for å vere kjapp i replikken. Eit eksempel: Då han omtalte motstandaren Mikhail Tal i ein kamp som blei arrangert mellom Sovjetunionen og resten av verda i 1970, sa han: «Viss Spasskij (dåverande verdsmeister) ofrar ei brikke, kan du like gjerne gi opp med ein gong. Men viss Tal ofrar ei brikke, bør du spele vidare, for han kan finne på å ofre ei til, så ei til, og til slutt ... kven veit?»

Miguel Najdorf døydde i Málaga, Spania.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]