Money for Nothing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Money for Nothing
Singel av Dire Straits
frå albumet Brothers in Arms
B-side

«Love over Gold» (live)

Språk engelsk
Utgjeve 24. juni 1985
Innspelt Desember 1984
Sjanger Bluesrock, new wave
Lengd 8:25 (album)

7:04 (vinyl LP)
4:38 (singel)
4:06 (promosingel)

Selskap Vertigo (UK)
Warner Bros (US)
Komponist Sting, Mark Knopfler
Tekstforfattar Mark Knopfler
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler, Sting
Produsent Mark Knopfler, Neil Dorfsman
Dire Straits-kronologi 
«So Far Away»
(1984)
Money for Nothing «Brothers in Arms»
(1985)


«Money for Nothing» er ein song av det britiske rockebandet Dire Straits frå albumet deira Brothers in Arms frå 1985. Teksten er skriven frå synspunktet til ein arbeidarklassemann som ser på musikkvideoar og kommenterer det han ser. Innspelinga var kjend for den kontroversielle teksten, den banebrytande musikkvideoen og gjesteframferda til Sting som syng falsettstemma i introen og på refrenga, «I want my MTV». Videoen var òg den første som vart send på MTV Europe då nettverket starta opp den 1. august 1987.[1]

Han var ein av dei mest suksessrike singlane til Dire Straits, og låg på toppen av singellista i USA i tre veker. I heimlandet til Dire Straits, Storbritannia, nådde singelen fjerdeplassen. «Money for Nothing» vann ein Grammy for beste rockesong av duo eller gruppe i 1986.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

I innspelinga prøvde Knopfler å etterlikne gitarstilen til ZZ Top-gitaristen Billy Gibbons. Gibbons sa seinare til magasinet Musician i 1986 at Knopfler hadde spurt Gibbons om korleis han kunne få til denne lyden, og la til: «Han gjorde ikkje ein dårleg jobb, når du tenkjer på at eg ikkje fortalte han noko som helst!» Knopfler brukte ein Gibson Les Paul-gitar (i staden for ein Fender Stratocaster), som han plugga i ein Marshall-forsterkar. Ein annan faktor i forsøket på å gjenskape lyden var ein wah-wah-pedal som var skrudd på, men sett til ein fast posisjon.[3]

«Money for Nothing» har eit særs gjenkjenneleg gitarriff som opnar sjølve songen. Songen er òg kjend for den lengre introduksjonen, som vart korta ned for radio og musikkvideo. Gitarriffet kjem att fleire gonger gjennom songen.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Mark Knopfler skildra låta i eit intervju i 1984 med journalisten Bill Flanagan:

« Frontmannen i «Money for Nothing» er ein fyr som arbeider i ein elektronikkbutikk. Han syng songen. Eg skreiv songen då eg var i ein slik butikk. Eg lånte litt papir og starta å skrive ned teksten i butikken. Eg ønskte bruke språket som ein verkeleg fyr som arbeidde der brukte, fordi det var meir ekte ...[4] »

Forteljaren i songen referer til ein musikar som "slår på bongotrommene som ein sjimpanse" («banging on the bongos like a chimpanzee») og skildrar ei kvinne slik: «stickin' in the camera, man we could have some fun». Han skildrar ein songar som "den vesle homsen med øyrering og sminke" («that little faggot with the earring and the make-up»), og klagar over artistar som får "pengar for ingenting og damene gratis" («money for nothing and chicks for free»).[5]

We got to install microwave ovens
Custom kitchen deliveries
We got to move these refrigerators
We got to move these color TV's

Mark Knopfler (1985)

Read more: Dire Straits - Money For Nothing Lyrics | MetroLyrics

I 2000 vart Knopfler intervjua av Michael Parkinson og forklarte igjen opphavet til teksten. I følgje Knopfler var han i New York og stoppa i ein elektronikkbutikk. Bak i butikken hadde dei ein vegg med fjernsyn, som alle synte MTV. Knopfler sa det var ein mann som arbeidde der, kledd i baseball-caps, arbeidsstøvlar og ei rutete skjorte, som leverte boksar. Mannen stod ved sidan av han og medan dei stod der og såg på MTV, hugsar Knopfler at mannen sa ting som «what are those, Hawaiian noises?...that ain't workin'», etc. Knopfler bad om ein penn for å skrive ned somme av desse linjene og nytta dei etter kvart i teksten til musikken.

Mötley Crüe-bassisten Nikki Sixx hevda i eit intervju med Blender at songen handla om livsstilen til bandet, og at Knopfler høyrde nokre arbeidarar i ein butikk som kommenterte ein video av Mötley Crüe.[6]

Forfattarskapen for låtskrivinga er delt mellom Mark Knopfler og Sting.[7] Sting vitja Montserrat under innspelinga av songen og vart invitert til å synge korvokal. Sting har sagt at det einaste han bidrog med var linja «I want my MTV», som følgde melodien frå songen hans «Don't Stand So Close to Me».

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Musikkvideoen for songen nyttar tidleg dataanimasjon for å illustrere teksten. Videoen var ein av dei første som nytta dataanimerte menneske og vart rekna som banebrytande då han kom ut.

Opphavleg var ikkje Mark Knopfler så entusiastisk kring musikkvideokonseptet. MTV var pågåande og regissøren Steve Barron frå Rushes Postproduction i London vart kontakta av Warner Bros. for å overtyde Knopfler om å gå med på å lage ein video. Barron sa:

« Problemet var at Mark Knopfler var sterkt i mot videoar. Alt han ønskte var å spele, og han trudde at videoane ville øydeleggje reinleiken til låtskrivarane og musikarane. Dei sa: «Kan du overtyde han om at dette er det rette å gjere, for me har spelt denne songen for MTV og dei synest han er fantastisk, men dei ville ikkje spele han om det er han som står der med ein gitar. Dei treng eit konsept».[8] »

Barron flaug så til Budapest for å overtyde Knopfler om konseptet deira. Dei møttest etter ein konsert og Knopfler var framleis vanskeleg å få med, men denne gongen var kjærasten hans der:

« Heldigvis sa kjærasten hans: «Han har heilt rett. Det finst ikkje nok interessante videoar på MTV og dette høyres ut som ein glimrande idé». Mark sa ingenting, men han fekk meg heller ikkje ut av Budapest. Me berre fortsette og gjorde det. »

Ian Pearson og Gavin Blair laga animasjonen ved hjelp av eit Bosch FGS-4000 CGI-system.[9] og eit Quantel Paintbox-system.[10] Animatørane grunnla sidan dataanimasjonsstudioet Mainframe Entertainment (i dag Rainmaker Entertainment). Videoen omfatta òg scenebiletet av Dire Straits som spelar, med delvis rotoscope-animasjon i lyse neonfargar, slik ein kan sjå på plateomslaget.

Videoen vart nominert til Årets video (blant mange andre) på den tredje årlege MTV Video Music Award i 1986.[9][11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Magasinet Rolling Stone førte opp songen som den 94. beste gitarsongen gjennom tidene, og skreiv korleis Mark Knopfler «bytte ut den opphavlege, tradisjonelle tonen med ein tørr, overprosessesert lyd som han fekk ved å køyre ein Les Paul gjennom ein wah-wah-pedal på eit spor som vart ein av dei første hittane på MTV».[12]

Kontrovers[endre | endre wikiteksten]

Teksten har støtt nokre lyttarar, særleg gjennom bruken av ordet «faggot», ei nedsetjande nemning for homsar.[13] I eit intervju seint i 1984 i Rolling Stone snakka Knopfler om kontroversen:

« Eg fekk ein protest frå redaktøren i ei homofil avis i London – han sa faktisk det var under beltestaden. Bortsett frå det faktumet at det finst dumme homofile, i tillegg til andre dumme menneske, syner det at kanskje du ikkje kan la det ha så mange tydingar - du må vere direkte. Faktisk er eg framleis delt over om det var ein god ide å skrive songar som ikkje er i førsteperson, å ta andre karakterar. Songaren i «Money for Nothing» er ein ekte ignorant, hjelm-mentalitet - nokon som ser alt på økonomiske måtar. Eg meiner, denne fyren har ein motvillig respekt for rockestjerner. Han ser det i form av, vel, det der fungerer ikkje og likevel er fyren rik: det er ein god svindel. Han er ikkje hånande.[14] »

Dire Straits spelte ofte songen på konsertane sine, der det andre verset var med, men ofte endra noko.[15]

I januar 2011 avgjorde Canadian Broadcast Standards Council (CBSC) at ein uredigert versjon av songen ikkje var akseptabel for kanadisk radio, sidan det braut Canadian Association of Broadcasters (CAB) sine retningslinjer for etikk og likeverd.[16][17] CBSC konkluderte med at «som andre rasistiske ord i engelsk språk, er 'faggot' eit som kan ha vore heilt og marginalt akseptabelt tidlgeare, men som ikkje lenger er det».[16] Etter mange klagar gjekk CBSC attende på forbodet og let det vere opp til kvar radiostasjon om dei skulle spele songen uredigert eller ikkje.[18]

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

«Weird Al» Yankovic skreiv ein parodi kalla «Money for Nothing/Beverly Hillbillies*» for filmen UHF frå 1989. Som tittelen indikerer vart teksten til songen ei blanding av kjenningsmelodien frå The Beverly HillbilliesThe Ballad of Jed Clampett») med melodien frå «Money For Nothing». Mark Knopfler og Guy Fletcher spelar gitar og klaverinstrument på innspelinga.[19]

Reel Big Fish sitt album Monkeys For Nothin' And The Chimps For Free frå 2007 speler på teksten i songen.[13]

Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[20] 4
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[21] 7
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[22] 38
Canada (CHUM)[23] 3
Canada Top Singles (RPM)[24] 1
Frankrike (SNEP)[25] 34
Tyskland (Media Control AG)[26] 19
Ireland (IRMA)[27] 6
Nederland (Mega Single Top 100)[28] 35
New Zealand (RIANZ)[29] 4
Polen (LP3)[30] 2
Spania (AFYVE)[31] 25
Sveits (Schweizer Hitparade)[32] 22
UK Singles (Official Charts Company)[33] 4
US Billboard Hot 100[34] 1
US Billboard Top Rock Tracks[34] 1
US Cash Box[35] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Australia (Kent Music Report)[36] 7
Canada (RPM Top 100 Singlar)[37] 34
US Billboard Hot 100[38] 8
US Cash Box[39] 2

Salstrofé and sales[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal

Canada (Music Canada)[40]

Gull 50 000^

Storbritannia (BPI)[41]

Sølv 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MTV ready to rock Russia». BBC News Online. 25 September 1998. Henta 22. oktober 2014. «But the channel's continental incarnation- MTV Europe- (...) was launched in 1987 with the first video- beamed into 1.6 million paying households- being Dire Straits' Money for Nothing.» 
  2. «Past Winners Search». Grammy.com. Henta 22. oktober 2014. 
  3. «Mark Knopfler: On '58 Les Paul and hearing 'voicings'». Gibson.com. August 2002. 
  4. «Review of the Atlantic Regional Panel decision in CHOZ-FM re the song “Money for Nothing” by Dire Straits». Canadian Broadcast Standards Council. 17 May 2011. Henta 16 August 2014. 
  5. Lasar, Matthew (24. januar 2011). «Canada wants unedited “Money for Nothing” back on the radio». Ars Technica. Henta 27 November 2012. 
  6. Higginbotham, A. (September 2007). «Dear Superstar: Nikki Sixx». Blender. 
  7. «Money for Nothing – Composed by Mark Knopfler/Sting». AllMusic. All Media Network. Henta September 2014. «Lyrics written by Sumner, Gordon Mathew/ Knopfler Mark» 
  8. Knight, D. (September 2006). «Money For Nothing: The Beginnings of CGI». Promo Magazine. 
  9. 9,0 9,1 «Dire Straits – Money for nothing [version 2]». Mvdbase. Arkivert frå originalen 27. juli 2014. Henta 22. oktober 2014. 
  10. Allen, Liam (29. november 2010). «Adam Ant to Michael Jackson: Shaping the MTV landscape». BBC News Online. 
  11. «1986 Video Music Awards». MTV. Viacom International. Henta 22. oktober 2014. 
  12. The 100 Greatest gitar Songs of All Time, arkivert frå originalen 30. mai 2008, henta 13. oktober 2022 . Rolling Stone. RealNetworks. Henta 24. januar 2011.
  13. 13,0 13,1 Money for Nothing, Songfacts.com
  14. Tucker, Ken; Fricke, David (21 November 1984). Fearless Leader, arkivert frå originalen 10. oktober 2012, henta 23. oktober 2014 . Rolling Stone. Henta 22. oktober 2014.
  15. «Dire Straits Live in '85 at Wembley Arena (1986)». British Film Institute. 1986. Arkivert frå originalen 8. august 2014. Henta 22. oktober 2014. 
  16. 16,0 16,1 «CHOZ-FM re the song «Money for Nothing» by Dire Straits». CBSC Decision 09/10-0818. Canadian Broadcast Standards Council. 14 October 2010. Henta 22. oktober 2014. 
  17. Roth, Pamela (22. oktober 2014). «Edmonton radio fights Dire Straits ban». Toronto Sun. Arkivert frå originalen 26. juli 2014. Henta 22. oktober 2014. 
  18. «'Money for Nothing' slur inappropriate, council says». CTV News. 31 August 2011. Henta 22. oktober 2014. 
  19. «Liner notes for Yankovic's album UHF - Original Motion Picture Filmmusikk and Other Stuff». Com-www.com. Henta 22. oktober 2014. 
  20. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014. 
  21. "Dire Straits – Money For Nothing – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014.
  22. "Ultratop.be – Dire Straits – Money For Nothing" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. oktober 2014.
  23. CHART NUMBER 1503 – Saturday, October 12, 1985, arkivert frå originalen 29. juli 2007, henta 23. oktober 2014 . CHUM. Henta 22. oktober 2014.
  24. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 22. oktober 2014.
  25. "Lescharts.com – Dire Straits – Money For Nothing" (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014.
  26. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH. Henta 22. oktober 2014.
  27. «The Irish Charts – All there is to know». Irishcharts.ie. Henta 22. oktober 2014. 
  28. "Dutchcharts.nl – Dire Straits – Money For Nothing" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. oktober 2014.
  29. "Charts.org.nz – Dire Straits – Money For Nothing". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014.
  30. (pl) «MONEY FOR NOTHING – Dire Straits». LP3. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 22. oktober 2014. 
  31. (es) Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  32. "Dire Straits – Money For Nothing – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014.
  33. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 22. oktober 2014.
  34. 34,0 34,1 «Brothers in Arms – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 22. oktober 2014. 
  35. CASH BOX Top 100 Singlar – Week ending SEPTEMBER 21, 1985, arkivert frå originalen 1. oktober 2012, henta 23. oktober 2014 . Cash Box magazine. Henta 22. oktober 2014.
  36. «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1980s». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 22. oktober 2014. 
  37. «Top Singlar – Volume 43, No. 16, December 28 1985». RPM. Library and Archives Canada. Henta 22. oktober 2014. 
  38. «Top 100 Hits for 1985». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 25. januar 2010. Henta 22. oktober 2014. 
  39. The CASH BOX Year-End Charts: 1985, arkivert frå originalen 1. oktober 2012, henta 23. oktober 2014 . Cash Box magazine. Henta 22. oktober 2014.
  40. «Canadian single salstrofé – Dire Straits – Money For Nothing». Music Canada. 
  41. «British single salstrofé – Dire Straits – Money For Nothing». British Phonographic Industry.  Enter Money For Nothing in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]