Mark Knopfler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mark Knopfler
MarkKnopfler 060528 P5280036a jm.JPG
Fødd 12. august 1949 i Glasgow i Skottland
Instrument Gitar
Sjanger Rock, keltisk rock, country, blues
Aktive år 1977 til i dag
Yrke Musikar, produsent
Tilknytt artistar Dire Straits, The Notting Hillbillies
Plateselskap Vertigo, Mercury
Nettside www.mark-knopfler.co.uk

Mark Knopfler (fødd 12. august 1949) i Glasgow i Skottland) er ein verdskjend britisk låtskrivar, gitarist og vokalist, som i 1999 vart tildelt Order of the British Empire (OBE) for sin innsats med musikk. Han var gitarist, vokalist, komponist og frontfigur i den britiske rockegruppa Dire Straits.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mark Knopfler vart fødd i Glasgow i Skottland. Faren var ein jødisk arkitekt med kommunistiske sympatiar, noko som førte til at han måtte rømme heimlandet Ungarn. Han kom til Storbritannia, der han gifta seg med ei engelsk kvinne og busette seg i Glasgow. Óg broren David (f. 1952), som óg er musikar, vart fødd i Glasgow. Då Mark var omkring sju år gamal flytta derimot familien til Newcastle upon Tyne. Som mange andre undomar på 1960-talet vart óg Mark fasinert av dåtida sine popmusikarar. Han lytta til store gitaristar som Chet Atkins, Scotty Moore, Jimi Hendrix, Django Reinhardt og James Burton, og han var med på å danne fleire lokale skuleband.

På skulen var Mark Knopfler flink i engelsk. Han studerte óg journalistikk ved Harlow Technical College i 1967, før han byrja som juniorjournalist for Yorkshire Evening Post. Etter to år i denne jobben avgjorde han derimot å fortsette å studere engelsk ved universitetet i Leeds. Samtidig med studiane tok han seg ein bijobb som førelesar ved Loughton College. Under denne tida møtte han Steve Phillips, ein lokal bluessongar og gitarist han sjølv meiner var viktig for hans musikkkarriere. Saman danna dei duoen The Duolian String Pickers. Mark gjorde si første plateinnspeling medan han framleis budde i Leeds; ein ikkje-utgjeve demo av originalen «Summer's Coming My Way». Steve Phillips spelte på 12-strengar. Sidan flytta Mark til London, der han i 1973 var medlem av den High Wycombe (omkring 4,5 mil vest-nordvest av London) baserte bluesgruppa Brewer's Droop i ei tid. Han hevdar sjølv at det var under denne tida at han fann/oppdaga si «stemme» på gitaren. På midten av 1970-talet flytta óg broren David til London. Saman med vener fra Loughton College danna dei etter kvart gruppa Café Racers.

Om artisten[endre | endre wikiteksten]

Mark Knopfler, Ahoy 2006
Foto: C. Kuhl

Mark Knopfler er ein av dei mest repekterte gitaristane i verda. Det populære musikkmagasinet Rolling Stone sette han på 27. plass på lista si over de «100 beste fingerspelgitaristane gjennom tidene».

Mark Knopfler vart kjend som låtskrivar, vokalist og gitarist i den suksessfulle rockegruppa Dire Straits. Karrieren byrja derimot med gruppa Café Racers i 1977. Etter eit par utskiftingar i mannskapet bytta gruppa namn til Dire Straits, som kom med sitt første album i 1978. Etter oppløysinga av Dire Straits i 1995 gjorde Mark Knopfler solokarriere, og han har sidan gjeve ut fleire album.

Mark Knopfler er óg kjend som ein aktør i countrygruppa The Notting Hillbillies, som i 1990 gav ut albumet «Missing... Presumed Having a Good Time». Det vart med det eine albumet, sjølv om denne gruppa ved fleire veldedige konsertar har kome saman igjen. Knopfler er dessutan kjend for sitt samarbeid med den kjende amerikanske gitaristen Chet Atkins (1924-2001), som han i 1990 gav ut albumet «Neck and Neck» saman med. Han har i tillegg samarbeida nært med store artistar som Bob Dylan, Bryan Ferry, Eric Clapton, Jools Holland og Steely Dan. Han har óg produsert album for Tina Turner, Randy Newman, Bob Dylan og Emmylou Harris. Sistnemnde gav han óg ut albumet «All the Roadrunning» saman med i 2006.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Diskografien nedanfor er ikkje nødvendigvis fullstendig.

Dire Straits[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Filmalbum[endre | endre wikiteksten]

Mark Knopfler har gjort fleire musikalske verk for film, både under og etter suksessen med Dire Straits.

Samarbeidsalbum[endre | endre wikiteksten]

Andre album[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoiff[endre | endre wikiteksten]