Nikolaj Urvantsev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nikolaj Urvantsev
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Fødd 17. januar 1893
Lukojanov
Død

20. februar 1985 (92 år)
St. Petersburg

Yrke oppdagar, geolog, polfarer
Språk russisk
Nikolaj Urvantsev på Commons

Nikolay Nikolajevitsj Urvantsev (russisk;Николай Николаевич Урванцев) (29. januar 189320. februar 1985) var ein sovjetisk geolog og polarforskar. Han var fødd i byen Lukojanov i Nizjnij Novgorod guvernementet i Russland, der faren var kjøpmann. Urvantsev var mellom oppdagarane av kolfelta og kopar- og nikkelårane i Norilsk åra 1919-1922, og var mellom grunnleggarane av byen Norilsk.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I 1922, då han leia ein geologisk undersøkingsekspedisjon, fann Urvantsev leivingar etter Peter Tessem og Paul Knutsen. Dei to nordmennene forsvann sporlaust frå Roald Amundsen sin 1918-ekspedisjon. Urvantsev berga posten og dei vitskaplege data som dei to hadde samla. Dei verdfulle dokumenta låg forlatne på ei strand ved Karahavet, nær munningen av elva Zeledejeva.[1]

Åra 1930-32 utforska Urvantsev, saman med Georgij Usjakov, øygruppa Severnaja Zemlja og der dei oppdaga mange øyar. Sidan utforska han andre fjerne område av Russland; som Tajmyr og det sentralsibirske platået.

I 1933-34 sende det nydanna Glavsevmorput’ (=direktoratet for nordsjøruta) dampskipet Pravda til Nordvik ved Laptevhavet, på den aller første oljeleitingsekspedisjonen til Nord-Sibir. Dette vågestykket vart leia av Urvantsev, som reiste med Pravda i lag med kona si, Jelizsaveta Ivanovna. Ho var leiar for det medisinske hjelpeapparatet på ekspedisjonen.

Under stalinismen vart Urvantsev fleire gonger skulda for sabotasje. Han vart dømd og måtte sone i arbeidsleirane Karlag og Norillag.

Urvantsev vart reinvaska for skuldingane i 1954. Fram til han døydde var han styreleiar for avdelinga for arktisk geologi i Det vitskaplege forskingsinstituttet for arktisk geologi.

Urvantsev vart tildelt Leninordenen to gonger.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919

Kjelder[endre | endre wikiteksten]