Octopus’s Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Octopus's Garden» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Han er skriven av Ringo Starr med hjelp frå George Harrison, sjølv om han berre er tilskriven Starr under hans verkeleg namn Richard Starkey.

Det er påstått at songen er psykedelisk og at han viser til LSD, noko som er sagt om fleire songar av The Beatles. Ideen til songen fekk Starr då han var på båttur saman med familien til Sardinia i 1968. Kapteinen på båten tilbaud «octopus» altså blekksprut, til lunsj, men Starr avslo. Kapteinen fortalte han då alt han visste om blekksprutar og om korleis dei sumde under vatn og leitte etter blanke lekamar og steinar for å byggje hagane sine med. Med denne informasjonen hadde Starr tema for ein song:

I'd like to be under the sea
In an octopus's garden in the shade
He'd let us in, knows where we've been
In his octopus's garden in the shade

Songen er enkel og eit barnsleg tema i å kunne trekke seg tilbake frå ei skummel verd til ein plass i skuggen der det er varmt og trygt. Naiv er i denne samanhengen ikkje negativt. At songen samstundes passar for barn, akkurat som to andre Beatles-songar som «Yellow Submarine» (òg sunge av Ringo Starr) og «Rocky Raccoon» understrekar interessesfæren på 60-talet.

George Harrison hjelpte Ringo Starr å skrive songen under innspelinga av Let It Be. I filmen av same namn kan ein sjå dei vert filma medan dei jobbar med akkurat denne songen. Harrison skreiv akkordsekvensen og undervasslydane lagde Starr ved å blåse bobler i eit vassglas.

Ringo Starr skreiv berre to Beatles-songar, den andre var «Don't Pass Me By» som vart gjeve ut på The Beatles (White Album).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]