Augestikkarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Odonata)
Augestikkarar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Palaeoptera
Overorden: Odonatoptera
Orden: Augestikkarar Odonata
Fabricius, 1793

Augestikkarar eller augnestingarar (Odonata) er ei gruppe flygande rovinsekt som finst i samband med ferskvassystem over heile verda. Det er beskrive 5000 nolevande artar i tillegg til ei lang fossilrekkje som går attende til karbontida. 45 artar er registrerte i Noreg.

Me reknar med to viktige undergrupper av augestikkarane; libellar og vassnymfer. Desse skil seg frå kvarandre ut frå korleis dei ber vengjene når dei sit.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det norske namnet tilsvarar det tyske «augenstecher» og viser til folketrua om at augestikkarar kan stikke ut augo på mennesker. Også andre namn viser til ulike oppfattingaromat augestikkarar skal vera farlege for menneske. I tilegg til å kunna flyga etter augo for å stikke, skulle dei kunna leggja egg i øyro. I Nordland blei augestikkarar nokre stader kalla «ørsnik», «ørsnegl», «ørsnell» eller «ørsnil». Frå Rogaland kjenner ein namnet «helvedesnaver».[1] Denne trua spegler ikkje røyndommen - ikkje berre er augestikkarar heilt harmlause for menneske, dei kan ikkje ein gong stikka.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Vaksne augestikkarar har store fasettaugo og lange, trådforma antenner. Munndelane har kraftige mandiblar og er av tyggje-typen. Labium (underleppa) er modifisert til eit klyngjeorgan som grip tak i maten.

Vengjene til augestikkarane er avlange og fest direkte til vengjemuskulaturen. Det er alltid fire av dei, og samspelet mellom dei hjelpar dyret å manøvrera. Den spesielle oppbygnaden deira gjer at dei mellom anna kan stå stille i lufta.

Bakkroppen til ein augestikkar er tynn og avlang, og består av ti segment. Hannen har kjønnsdelar på andre og tredje sternitt. Hjå dei vasslevande nymfane sit det traké-gjeller på dei siste kroppssegmenta eller i rektum.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Augestikkarar er, både som nymfer og som vaksne, aggressive rovdyr. I nymfestadiet et dei ymse botnlevande virvellause dyr, i særskilde høve òg fiskeyngel og rumpetroll, medan dei vaksne fangar flygande insekt i lufta. Dei er såleis særs nyttige dyr sett frå ein menneskeleg ståstad; sidan dei et så store tal på skadedyr (til dømes mygg).

Hannane hevdar revir. Paring skjer i lufta.

Freda artar i Norge[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei norske artane av augenstikkar er freda:[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greve, Lita. 1995.
  2. Forskrift av 21. desember 2001 om fredning av truede arter.