Olavsstake
| Olavsstake | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Familie: | Pyroláceae (Vintergrønfamilien) | |
| Slekt: | Monéses Salisb. | |
| Art: | M. uniflóra | |
| Vitskapleg namn | ||
| Monéses uniflóra | ||
Olavsstake, Monéses uniflóra (L.) A. Grey (Pýrola uniflóra L.) er ein om lag 10 cm høg eviggrøn plante med små lysgrøne blad og kvite nikkande blomstrar på opprett stengel.
Blomsterkrona er reint kvit og har form som ei femtakka stjerne. Blomsteren har gule støvberarar, og han har ein intens krydderduft. Olavsstaken formerer sek kjønna, vel sjølvbestøving eller ukjønna ved hjelp av lange utløparar.
Olavsstake er vanleg i moserike skogar over heile Skandinavia. Han veks opp til 1080 m.o.h. i Hemsedal. I Danmark er han sjeldan. Elles er han utbreidd cirkumpolært frå Europa gjennom Sibir til Nord-Amerika. Sør i utbreidingsområdet veks han helst i fjelltraktar.
I Sverige vert han kalla 'Ögonljus' eller 'Ögonpyrola'; namnet har samanheng med at planten har vore bruka som lækjemiddel mot augesjukdommar. Det er usikker om det norske namnet har folkeleg tradisjon eller om det er eit nylaga namn.
Kjelder [endre]
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958