Olivenkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivenkolibri
Olivenkolibri
Olivenkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Olivenkolibri
Utbreiinga av Olivenkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Trochilinae
Stamme: Trochilini
Slekt: Talaphorus
Art: Olivenkolibri T. chlorocercus
Vitskapleg namn
Talaphorus chlorocercus

Olivenkolibri (Talaphorus chlorocercus) er ein kolibriart av «smaragdar», stammen Trochilini av underfamilien Trochilinae. Arten lever på øyar i og langs breidder av Amazonaselva med sideelver i Brasil, Colombia, Ecuador og Peru.

Olivenkolibrien er den einaste medlemmen av slekta Talaphorus og har ingen underartar.[1] Han var tidlegare plassert i slekta Leucippus og er ofte funnen under det namnet i bøker.[2][3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Olivenkolibrien er 12 cm lang og veg omtrent 6 gram. Kjønna har i hovudsak likeins og nokså lite iaugefallande fjørdrakt. Dei har eit rettpeikande svartaktig nebb, men hoa har litt lengre nebb enn hannen. Vaksne har ei bronsekrone og -hals, og resten av overdelen er grågrønn til bronsegrøn. Strupe og bryst er olivengrøne, nokre gonger med svakt markerte flekker. Resten av undersida er kvitaktig. Halen er bleik grågrønn til olivengrøn med gråaktige spissar på dei indre fjørene og gråaktige ytre nett til dei andre. Dei ytre fjørene har også ei mørk stong nær enden. Ungfuglar er veldig like vaksne, men har meir gråbrun underside.[4]

Olivenkolibrien finst langs den øvre Amazonas-elva og dens viktigaste sideelvar i nordvestlege Brasil, austlege Ecuador, nordaustlege Peru og ekstreme søraustlege Colombia. I Ecuador lever dei på øyar i Napo, og er spreidd sørover i Ucayali i Peru. Arten har sære krav til habitat: Dei finst for det meste på unge elveøyar og nokre gonger på den tilstøytande breidder av «fastlandet». Den held seg til buskar open skog og i skog endra av tidleg økologisk suksesjon. I høgda finst dei berre opp til 400 moh. Generelt er dette stasjonære fuglar, men spreier seg lokalt.[4][3]

Olivenkolibrien søkjer etter nektar hos blomstrande plantar blant minst 10 plantefamiliar. I tillegg til å suge nektar, plukkar han insekt frå lauvverk.[4]

Songen er ein bestemt, monoton serie på 4-7 fleirstavingstonar, til dømes «cliCHEW cliCHEW cliCHEW...»[3] og ropa inkluderer eit skarpt «sik», eit surt «siui», ei rik skravling og eit hardt «tcht».[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

IUCN har vurdert olivenkolibrien til å vere livskraftig, sjølv om ein ikkje kjenner populasjonsstorleiken eller utviklingstrenden.[5] Arten blir rekna som sjeldan til ganske vanleg på ulike punkt langs elvesystemet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (August 2022). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 10. juni 2023. 
  2. 2,0 2,1 Schulenberg, T.S. (2007). Birds of Peru. Princeton field guides. Princeton University Press. s. 228. ISBN 9780691049151. LCCN 2006052700. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ridgely, R.S.; Greenfield, P.G. (2001). The Birds of Ecuador, Field Guide (1 utg.). Cornell University Press. s. 262. ISBN 978-0-8014-8721-7. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Weller, A.A. and G. M. Kirwan (2021). Olive-spotted Hummingbird (Talaphorus chlorocercus), version 1.1. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.olshum1.01.1
  5. BirdLife International (2016). «Olive-spotted Hummingbird Leucippus chlorocercus». IUCN Red List of Threatened Species 2016. Henta 10. juni 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Olivenkolibri