Omleiringa av Port Royal i 1707

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Port Royal
Del av Dronning Anne-krigen
BayOfMaine1713.jpg
Detalj frå eit kart frå 1713 som syner Ny-England og det sørlege Nova Scotia/Acadia. Port Royal er ved A, Boston ved B og Casco Bay ved C.
Dato den første omleiringa: 6. til 17. juni 1707
den andre omleiringa: 22. august til 1. september 1707
Stad Port Royal i Acadia (dagens Nova Scotia)
Resultat Fransk og abenakisk siger
Partar
Flag of England.svg England Royal Standard of the Kingdom of France.svg Frankrike
Abenaki
Kommandantar
John March
Francis Wainwright
Charles Stuckley
Daniel d'Auger de Subercase
Bernard-Anselme d'Abbadie de Saint-Castin
Pierre Morpain
Styrkar
1150 militissoldatar (første omleiring)[1]
850 militssoldatar (andre omleiring)[2]
160 troupes de la marine
60 militssoldatar
100 abenakiar[3]
Tap
små små

Omleiringa av Port Royal i 1707 var to separate forsøk av engelske kolonistar frå New England på å erobre Acadia (som i dag omtrent utgjer dei kanadiske provinsane Nova Scotia og New Brunswick) ved å erobre hovudstaden Port Royal (i dag Annapolis Royal) under Dronning Anne-krigen. Begge forsøka vart gjort av militssoldatar frå kolonien og var leia av menn som ikkje hadde erfaring med omleiringar. Festninga i Port Royal klarte lett å stå imot begge forsøka, med støtte frå akadiske og indianske militssoldatar utanfor fortet.

Den første omleiringa starta den 6. juni 1707 og varte 11 dagar. Den engelske obersten John March klarte å opprette stillinga nær fortet i Port Royal, men ingeniørane hans hevda at dei naudsynte kanonane ikkje kunne setjast i land, og styrken trekte seg attende etter usemjer i krigsrådet. Den andre omleiringa byrja den 22. augsut og klarte aldri å sikre ein god leir på grunn av godt, organisert forsvar av den akadiske guvernøren Daniel d'Auger de Subercase.

Omleiringsforsøket var rekna som ein katastrofe i Boston og kommandantane vart håna då dei kom attende. Port Royal vart erobra i 1710 av ein større styrke som inkluderte soldatar frå den britiske hæren. Dette markerte slutten på det franske styret på halvøyområdet av Acadia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Drake, s. 227
  2. Griffiths, s. 216
  3. Griffiths, s. 215

Koordinatar: 44°42′40″N 65°36′36″W