Raidet på Deerfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raid på Deerfield
Del av Dronning Anne-krigen
DeerfieldRaid1704.jpg
Illustrasjon som syner raidet, publisert 1900
Dato 29. februar 1704
Stad Deerfield i provinsen Massachusetts Bay
Resultat Fransk og indiansk siger
Partar
Flag of England.svg Engelske kolonistar Royal Standard of the Kingdom of France.svg Franske kolonistar
Abenaki
Irokesarføderasjonen
Wyandot
Pocumtuc
Pennacook
Kommandantar
Jonathan Wells Jean-Baptiste Hertel de Rouville
Wattanummon
Styrkar
20 militssoldatar[1]
70 bymilitssoldatar[2]
240 indianarar
48 franskmenn
Tap
Raidet: 56 drepne 112 fanga[3][4]

Turen tilbake: 20 fangar drepne eller døde[5]

rapportar varierer; 10–40 drepne[5]

Raidet på Deerfield skjedde under Dronning Anne-krigen den 29. februar 1704, då franske og indianske styrkar kommandert av Jean-Baptiste Hertel de Rouville gjek til åtak på den engelske busetnaden i Deerfield i Massachusetts like før daggry, brende delar av byen og tok livet av 56 innbyggjarar.

Franskmennene som organiserte raidet tok med seg fleire forskjellige indianargrupper, mellom andre om lag 300 pocumtuc-indianarar som ein gong budde i Deerfield-området. Sidan det var så mange med i raidet, klarte dei ikkje å snike seg umerka mot byen, som var omgjeven av ein palisade. Forsvararane i nokre av dei befesta husa i landsbyen klarte å halde fienden borte fram til ein fekk forsterkarar og dei trekte seg attende. Det vart teken meir enn 100 fangar, og om lag 40 % av husa i landsbyen vart øydelagde.

Raidet har vorte udødleggjort som ein del av den tidlegare amerikanske grensesoga, hovudsakleg på grunn av attforteljing frå ein av fangane, fader John Williams. Han og familien hans vart tvungen til å gjere den lange reisa over ladn til Canada. Den yngste dottera hans Eunice vart adoptert av ein Mohawk-familie, og ho vart assimilert og gifta seg med ein mohawk-mann. Soga til Williams, The Redeemed Captive, vart publisert i 1707 og vart særs populær i koloniane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haefeli and Sweeney, s. 98
  2. Melvoin, s. 215
  3. Melvoin, s. 221
  4. Haefeli and Sweeney, p. 115
  5. 5,0 5,1 Haefeli and Sweeney, s. 125

Koordinatar: 42°32′55″ N 72°36′26″ W