Oppslagsverket flora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Flora.
Illustrasjon til Telopea speciosissima i The Flowering Plants and Ferns of New South Wales - Part 1 frå 1895.

Flora er eit oppslagsverk som systematisk framstiller ei gruppe plantar. Det omtalar kortfatta plantar som finst ein viss stad, gjerne med illustrasjonar som viser planten i ulike former. Tradisjonelt har ein flora dekt eit geografisk område, ofte eit land, men det kan òg dekke ein spesiell biotop, til dømes fjellet. Oppslagsverket kan finnast i bokform eller elektronisk. Omfanget av verket kan variera, frå å innehalda alle artane ein kjenner innan eit område og mange detaljar til ei meir kortfatta handbok.

Ein flora er oftast ordna etter ein viss systematikk slik at brukaren kan identifisere ei plante. Det mest vanlege er ordning etter planteslekter og plantefamiliar, men ein finn òg floraer som er ordna etter biotopar eller farge på kronblad. Ein flora inneheld ofte ein klassifikasjonsnøkkel til å indentifisere plantar. Ofte krev bruken av desse plantenøklane at ein undersøker planta nøye og ein må velje mellom to eller fleire alternativ som passar best for å gradvis identifisere planta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Blad frå Flora sinensis.

Flora Sinensis ('Kinesisk flora') av den polske jesuitten Michał Boym skal ha vore den første boka som nytta namnet «flora» i tittelen til ei bok som skildrar plantane i eit område.[1] Trass tittelen inneheldt ho ikkje berre plantar, men òg nokre dyr i området. Frå Skandinavia er nokre eldre, kjende floraer Carl von Linné sine verk Flora Lapponica (1737) og Flora suecica (1745), 54-bandsverket Flora danica (1761–1883), J.E. Gunnerus sin Flora norvegica i 2 band (1766–72) og A.G. og M.N. Blytt sin Norges flora i 3 band (1861–76).

Eit kompendium over verdas floraer har blitt samla av David Frodin.[2]

Oversyn over floraer[endre | endre wikiteksten]

Klassiske floraverk[endre | endre wikiteksten]

Europa

India

Indonesia

Kina

Amerika

Moderne floraer i bokform[endre | endre wikiteksten]

Europa

Dei britiske øyane

Noreg

Amerika

Karibia
  • Britton, N. L., and Percy Wilson. Scientific Survey of Porto Rico and the Virgin Islands — Volume V, Part 1: Botany of Porto Rico and the Virgin Islands: Pandanales to Thymeleales. New York: New York Academy of Sciences, 1924.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

Oseania

  • Bokserien Flora of New Zealand:
    • Allan, H.H. 1961, reprinted 1982. Flora of New Zealand. Volume I: Indigenous Tracheophyta - Psilopsida, Lycopsida, Filicopsida, Gymnospermae, Dicotyledons. ISBN 0-477-01056-3.
    • Moore, L.B.; Edgar, E. 1970, reprinted 1976. Flora of New Zealand. Volume II: Indigenous Tracheophyta - Monocotyledons except Graminae. ISBN 0-477-01889-0.
    • Healy, A.J.; Edgar, E. 1980. Flora of New Zealand Volume III. Adventive Cyperaceous, Petalous & Spathaceous Monocotyledons. ISBN 0-477-01041-5.
    • Webb, C.J.; Sykes, W.R.;Garnock-Jones, P.J. 1988. Flora of New Zealand Volume IV: Naturalised Pteridophytes, Gymnosperms, Dicotyledons. ISBN 0-477-02529-3.
    • Edgar, E.; Connor, H.E. 2000. Flora of New Zealand Volume V: Grasses. ISBN 0-478-09331-4.
    • Volumes I-V: First electronic edition, Landcare Research, June 2004. Transcribed by A.D. Wilton and I.M.L. Andres.
  • Galloway, D.J. 1985. Flora of New Zealand: Lichens. ISBN 0-477-01266-3.
  • Croasdale, H.; Flint, E.A. 1986. Flora of New Zealand: Desmids. Volume I. ISBN 0-477-02530-7.
  • Croasdale, H.; Flint, E.A. 1988. Flora of New Zealand: Desmids. Volume II. ISBN 0-477-01353-8.
  • Croasdale, H.; Flint, E.A.;Racine, M.M. 1994. Flora of New Zealand: Desmids. Volume III. ISBN 0-477-01642-1.
  • Sykes, W.R.; West, C.J.; Beever, J.E.; Fife, A.J. 2000. Kermadec Islands Flora - Special Edition. ISBN 0-478-09339-X.

Stillehavsøyane

  • Flora Vitiensis Nova, a New Flora of Fiji
  • Manual of the Flowering Plants of Hawai‘i, Warren L. Wagner and Derral R. Herbst (1991) + suppl. [1]
  • Flore de la Nouvelle-Calédonie
  • Flore de la Polynésie Française (J. Florence, vol. 1 & 2, 1997 & 2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Flora Sinensis
  2. Frodin, David G. 2001. Guide to Standard Floras of the World. Second edition. Cambridge: Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-79077-2.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Oppslagsverket flora

Floraer på internett[endre | endre wikiteksten]

Europa

Andre delar av verda