Parnassós

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parnassós
Παρνασσός
Parnassós  Παρνασσός -
Høgd over havet 2 457 moh
Ligg i/på Delfí i Hellas
Koordinatar 38°31′59″N 22°37′1″EKoordinatar: 38°31′59″N 22°37′1″E
Lettaste rute Vandring

Parnassós (gresk Παρνασσός) er eit fjell av bar kalkstein sentralt i Hellas ovanfor Delfí, nord for Korintbukta. Fjellområdet strekkjer seg inn i dei tre periferieiningane Fthiótida, Viotía og Fokída i Sentral-Hellas. Frå her har ein flott utsyn over dei omliggande olivenlundane og landsbygda. I følgje gresk mytologi er fjellet heilaga til Apollon, dei korykianske nymfene og heimstad til musene. Fjellet var òg viktig for dorianarane. Namnet Paranssos ser ut til å ha sitt opphav i eit førgresk substrat som nyttar *-ssos i stadnamn (t.d. Knossos). *Parna- kan kome frå den same rota til ordet i hettittisk, som tyder «hus».

Mytologien[endre | endre wikiteksten]

Paranssos er kalla opp etter son til nymfa Kleodora og mannen Kleopompous. Det fanst ein by der Paranssos var leiar, som vart overfløymt av kraftig regn. Innbyggjarane rømde frå flaumen mot ulande ulvar oppe i fjellet. Her bygde dei overlevande ein annan by og kalla han Lykoreia, som på gresk tyder «ulinga til ulvane».

Nicolas Poussin si teikning av Apollon og musene på Parnassós.

Sidan orakelet i Delfi var heilag til guden Apollo, så vart òg sjølve fjellet assosiert med han. I følgje enkelte segner var Parnassós staden der fontena Kastalia låg og heimstad for musene. I følgje andre segner var det Helikon som var musene sin heimstad. Heimstaden til musene vart rekna som opphavet til poesi, musikk og lærdom.

Parnassós var òg åstad for fleire mindre hendingar i gresk mytologi.

Parnassós var òg heimstad til Pegasus, hippogriffen til Bellerofon.

Parnassós som metafor[endre | endre wikiteksten]

Namnet Parnassós refererer i litteratur ofte til opphavet til poesi, litteratur og lærdom, og vert nemnd i fleire verk.

Parnassós i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag ligg det to skisenter på Parnassós, eit av desse, «Parnassós skisenter», er det største skisenteret i Hellas. Det vert drive gruvedrift etter brunkol i fjellet som vert omdanna til aluminiumoksid og så til aluminium.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]