Perekopeidet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Perekopeidet

Perekopeidet (ukrainsk Перекопський перешийок; Perekopskyj peresjyjok; russisk Перекопский перешеек; Perekopskij peresjejek krimtatarisk Or boynu, tyrkisk Orkapı) er den smalen landtunga som knyt Krimhalvøya med fastlandet i Ukraina i nord. Eidet er mellom 8–23 kilometer breitt og 30 kilometer langt og går mellom Svartehavet i vest og Azovhavet i aust.

Over den nordre delen til eidet går grensa mellom Den autonome republikken Krim og Kherson oblast. På eidet ligg byane Perekop, Armjansk, Suvorovo og Krasnoperekopsk. Gjennom eidet går Krimkanalen som er vassforsyninga til Krim frå Dnepr.

Eidet har namn frå tatar-festninga i byen Perekop, ved inngangen til eidet frå fastlandet.

Sør for Perekop er det rike saltførekomstar som enno er ein viktig handelsvare frå denne regionen.

Den strategiske og økonomiske viktige plasseringa har ført til at denne landtungen har vore skodeplass for ei rekkje blodige kampar, særleg som inngangsport til Krim. Både grekarane og tatarane hadde festningar i området, og frå 1400-talet var området ein koloni under Genova. Frå 1783 høyrde området til Russland, og frå 1954 vart det saman med Krim overført til Den ukrainske sovjetrepublikken. Av den grunnen tilhøyrer dette enno til Ukraina.

I den russiske borgarkrigen mellom den raude armeen og Den kvite garden var det i 1920 eit større slag i dette området, der den raude armeen vann, men førde til at rundt 140 000 menneske flykta over Svartehavet til Istanbul.

Under andre verdskrig gjekk dei kombinerte tyske og rumenske styrkane under leiing av Erich von Manstein til åtak på Krim over denne landtunga. Slaget ved Perekopeidet varte i fem dagar frå 24. september før dei tyske styrkane hadde kontroll over landtunga. 18. oktober kunne dei rykke vidare inn i Krim og innleie slaget om Sevastopol. 9. mai 1944 erobra den raude armeen Krim attende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°08′58″N 33°40′20″E