Pjotr Tsjajkovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Peter Tsjajkovskij)
Gå til: navigering, søk
Tsjajkovskij som ung
Tchaikovsky.jpg

Peter Iljitsj Tsjajkovskij (7. mai 18406. november 1893), russisk Пётр Ильи́ч Чайко́вский var ein russisk romantisk komponist.

Han har skrive seks symfoniar, ti operaer, ballettar, strykekvartettar, songar og pianostykke. Dei mest kjende verka hans er kanskje dei tre eventyrballettane, Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.

Sjølv om han ikkje var medlem av den russisk-nasjonalistiske gruppa av komponistar som vart kalla «den mektige handfullen», har musikken hans vore kjent og elska for sin særskilde russiske karakter, for ikkje å snakka om dei rike harmoniane og vakre melodiane han inneheld.

Innhaldsliste

[endre] Liv

Tsjajkovskij viste tidleg musikalske evner og byrja å spela piano då han var fem. Han drog til musikkonservatoriet i St. Petersburg i 1861, der han blei i fire år. I 1866 blei han utnemnd til professor i musikkteori og harmoni ved konservatoriet i Moskva, som blei oppretta same året. Denne posten heldt han til rundt 1878.

Tsjajkovskij var homofil, noko som absolutt ikkje sømde seg. For å forsøka å dekkje over dette [treng kjelde] blei eit ekteskap arrangert mellom han og den tidlegare eleven Antonina Miljukova i 1877. Ekteskapet vara berre i seks veker, men i løpet av den tida hadde Tsjajkovskij allereie freista å ta livet sitt to gonger, og han flykta til slutt til St. Petersburg. Antonina enda seinare opp i galehus, og blei verande der ut sine dagar.

Til forskjell frå privatlivet hadde Tsjajkovskij stor framgang som komponist. Han blei kjend i resten av verda, og turnerte i Europa og USA.

I 1893, berre ni dagar etter uroppføringa av den sjette symfonien hans, Symphonie Pathétique, døydde Tsjajkovskij. Dødsårsaka er aldri blitt heilt avklart, men dei fleste forskarar er einige om at det var sjølvmord.

Komponisten blei gravlagd ved Alexander Nevsky-klosteret i St. Petersburg.

[endre] Verk

Symfoniar

  • 1. Symfoni g-moll op.13 "Vinterdagdraumar" (1866)
  • 2. Symfoni c-moll op.17 "Vesle russiske" (1872)
  • 3. Symfoni D-Dur op.29 "Polske" (1875)
  • 4. Symfoni f-moll op.36 (1877)
  • Manfred-symfoni i fire bilde over eit dramatisk dikt av Byron, h-moll op. 58 (1886)
  • 5. Symfoni e-moll op.64 (1888)
  • 6. Symfoni h-moll op.74 "Pathétique" (1893)

Ballettar

Operaer

  • Wojewode
  • Undine
  • Opritschnik
  • Smeden Wakula (andre utgåve vart kalla Cherevichki)
  • Eugen Onegin
  • Jomfrua av Orleans
  • Mazeppa
  • Trollkvinna
  • Spar dame
  • Jolanthe

Orkesterverk

  • Pianokonsert nr. 1 op. 23 i b-moll (1875)
  • Pianokonsert nr. 2 op. 44 i G-dur (1880)
  • Pianokonsert nr. 3 op. 75 i Ess-dur (1893 - ikkje fullført, offentleggjort posthumt)
  • Konsert for fiolin og orkester op. 35 (1878)
  • Capriccio Italien op. 45 (1880)
  • 1812-overtyra op. 49 (1880)
  • Romeo og Julie - Fantasieovertyre op. 18 (1869, revidert 1870 og 1880)
  • Hamlet Fantasiovertyre op. 67 (1888)
  • Slavisk marsj, op.31

Klaververk

[endre] Liste over verk

[endre] Diverse

Tsjajkovskij prydde ein moderne russisk mynt.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pjotr Tsjajkovskij


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk