Platanlønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Platanlønn


Svartelista i Noreg: Svartelista i Noreg Høg risiko for lokalt biologisk mangfald

Platanlønn
Platanlønn

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Lønnefamilien Aceraceae
Slekt: Acer

Linné

Art: L. pseudoplatanus
Vitskapleg namn
Acer pseudoplatanus
Platanlønn
Namn på andre språk
Svensk Tysklönn, sykomorlönn
Dansk Ahorn, Ær, Valbirk
Engelsk Sycamore
Tysk Bergahorn
Fransk Érable sycomore
Spansk Arce blanco, arce plátano falso, sicomoro
Russisk Kljon belyj (Клён белый)

Platanlønn (Acer pseudoplatanus) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreeiing i sentral- og Sør-Europa, nord til Paris, og som har vore planta i Noreg som prydtre sidan midten av 1700-talet. Her er platanlønnen naturalisert både i barskog og lauvskog, og i rask spreiing, spesielt i kyst- og fjordstrok. Tilpasningsevna har ført til at artsdatabanken har ført platanlønnen opp på svartelista.

I følgje Alan Mitchells Trær i skog og hage var det romarane som introduserte platanlønnen til Sør-Europa.

Platanlønnen har vid, kuppelforma krone, i Noreg vert han opp til 20 m høg. Med blad virkar treet mørkt og tett. Kvistene er snaue, blada er håra, blågrøne med eit raudskjer på undersida. Blada har fem lappar med grov, ujamn sagtakking. Lappane er buttare enn hos spisslønn, men flikane mellom lappane er spissare enn hos spisslønnen.


Platanlønnen blomstar med hengande klasar litt etter lauvsprett. Han set karateristiske frø med to vengar som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengane er spiss. Ungplantane toler godt å vekse i skygge, slik kan platanlønnen lett etablere seg i annan lauvskog.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]