Lirer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lirer


Storlire Puffinus gravis Foto: Patrick Coin
Storlire Puffinus gravis
Foto: Patrick Coin

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae

Lirer (norsk namn frå norrønt líri, engelsk 'shearwater', dei som kuttar vatnet eller bølgjetoppane) er mellomstore, langvenga sjøfuglar. Lirer er ein del av den biologiske familien eigentlege stormfuglar, Procellariidae, som òg inkluderer havhestar, petrellar og kvalfuglar. Det finst over 20 artar av lirer, tre store i slekta Calonectris og mange mindre artar i slekta Puffinus. Slekta Puffinus kan vidare delast inn i ei gruppe av små artar og nokre få større. Dei fem artane i Procellaria ber trivialnamnet 'petrell', men har tradisjonelt vore rekna med i gruppa lirer.

Desse fuglane er mest vanlege i tempererte og kalde farvatn. Utanom hekkesesongen lever dei pelagiske. Dei flyg med stive venger og brukar ein «klippeteknikk» for å følgje bølgjefronten med minimalt energibruk. Nokre av dei minste artane, som havlire, har omriss av ei krosskyrkje i flukt, med lange venger i rett vinkel ut frå kroppen.

Mange er langdistansemigrantar, kanskje mest spektakulær er grålira, som trekkjer avstandar på over 14 000 km frå hekkekolonien på Falklandsøyane til Nord-Atlanteren utanfor Nord-Noreg. Smalnebblira kan utføre ein enda lengre åttetalsforma trekkrute i Stillehavet frå Tasmania til så langt nord som i Nordishavet utanfor nordvestre Alaska.

Lirer kan oppnå usedvanleg høg levealder. Ei havlire som hekka på Copelandøyane i Irskesjøen var per 2003/2004 den eldste kjente ville fuglen i verda. Fuglen vart ringmerka som vaksen, minst 5 år gamal i juli 1953 og gjenfunnen i juli 2003, minst 55 år gamal. Havlira migrerer over 10 000 km sør til Sør-Amerika og nyttar havområda utanfor sørlege Brasil og Argentina når det er vinter på den nordlege halvkula, så det nemnte individet har floge minimum 1 000 000 km i trekkruta aleine.

Lirer kjem på land på øyar og fuglefjell berre for å hekke. Dei er nattlege under i hekkeperioden, føretrekk netter utan måneskin for å redusere predasjonen. Dei hekkar i hòler og gjev ofte uhyggelege kallerop ved aktivitet om natta. Dei legg eitt kvitt egg.

Dei lever av fisk, blekksprut og anna pelagisk føde. Nokon følgjer fiskebåtar for å ta utkast, spesielt grålira. Desse artane vil ofte følgje kval for å plukke fisk som vert forstyrra av kvalane. I hovudsak baserer dei seg på dukking for å fange fôr, og somme artar er i stand til å dukke ned til 70 meters djupne.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Lista inneheld artar i slektene Puffinus og Calonectris som alle har 'lire' i artsnamnet.





I tillegg reknar mange med dei fem artane i Procellaria som lirer trass i at dei ber 'petrell'-namn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]