Punktskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordet «premier» skrive med braille.

Punktskrift, eller braille, er eit skriftsystem som blir brukt av synsskadde eller blinde personar i store delar av verda. Systemet byggjer på eit rektangel som består av seks punkt, i to loddrette kolonnar med tre punkt i kvar kolonne. Rektanglet er ikkje større enn at det kan bli dekt av fingertuppen. I ei punktskriftsbok les vi punktskrifta frå venstre til høgre med fingertuppen.

Dei ti første teikna står både for tal og bokstav, slik at symbolet for C og for talet 3 t.d. er det same. I tillegg er det metasymbol: neste symbol er ein bokstav, neste symbol er eit tal, punktum, komma, osb.

Med overgangen til digital lagring av tekst har punktskriftsystemet fått eit omsving. Punktskrifta har ein eigen representasjon i Unicode, og tekst kan automatisk bli konvertert til punktskrift. Kombinert med ein tekst-basert nettlesar som lynx kan dermed blinde ha same tilgang til t.d. internett som det alle andre har.

Skriftsystemet vart laga i 1821 av Louis Braille.

Punktskrift i Unicode[endre | endre wikiteksten]

Unicodestandarden kodar punktskrifta i glyffar etter punktmønsteret, heller enn etter dei konkrete tolkingane av kvar einskild glyff. Punktskrifta er lokalisert i området 2800 to 28FF (dvs. dei heksadesimale verdiene frå 2800 til og med 28FF representerer punktskriftglyffar).


Her er tabellen over punktskriftteikna i Unicode. Dei er utvida med to ekstra punkt på ei fjerde line under dei tre opphavlege linene.

280 281 282 283 284 285 286 287 288 289 28A 28B 28C 28D 28E 28F
0
1
2
3
4
5
6
7
8
9
A
B
C
D
E
F

Det norske alfabetet i punktskrift[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Punktskrift