S

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Bokstaven S er den 19. bokstaven i det latinske alfabetet og den 18. bokstaven i det greske alfabetet (Σ, σ, i slutten av ord ς). Bokstaven stammer frå det fønikiske alfabetet, og det semittiske namnet var samek. Grekarane kalla han sigma, i slekt med ordet sigmos, 'hvesing'. På latin heitte bokstaven es. Det fønikiske alfabetet hadde enno to teikn for spesielle s-lydar. Det eine, med det hebraiske namnet shin, som tyder «tann», vart ikkje nytta av grekarane. Det andre teiknet, med det hebraiske namnet tsade, tok enkelte greske stader med dorisk dialekt opp i skrifta si i forma M.

I runealfabetet er s den åttande runen i andre ætt.

Minuskelen ser i dag slik ut: s. Fram til byrjinga av 1900-talet såg han slik ut: ſ («ſ», «lang s»), unntatt i slutten av ord og etter bokstaven ſ, når han såg ut som han gjer no. På grunn av likskapen med bokstaven f gjekk ſ ut av bruk.

Tydingar av S[endre | endre wikiteksten]

  • S er kjemisk symbol for svovel.
  • S er ei forkorting for sør.
  • s er symbol for sekund, SI-eininga for tid.
  • S er symbol for siemens, SI-eininga for konduktans.
  • stundom nytta som forkorting for sankt.
  • i grammatikk forkorting for for singular (eintal), substantiv eller subjekt.
  • i musikk forkorting for segno («teikn»), sinistra («venstre»), subito («brått») og subdominant.
  • reseptar ei forkorting for latin signa eller signetur, som tyder «signér», det vil seil at namnet på legemiddelet eller samansetnaden skal skrivast på etiketten.
  • nasjonalitetsmerke for motorkjøretøy frå Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]