G

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å
Bokstaven G

Bokstaven G er den sjuande bokstaven i det latinske alfabetet. På norsk representerer han ein dorsal lyd som vert uttalt ved at tungeryggen møter ganen.

Bokstaven er opphavleg same teikn som C. Hos romarane gjekk C, som på gresk vart uttalt g, over til å bli teikn for ein k-lyd, og romarane skapte då den nye bokstaven G. Medan den eldre runerekka har eit eige teikn for g, har den yngre berre eitt teikn for g og k.

Uttalen av g er forskjellig i ulike språk. Han vert uttalt som sj [ʒ] føre i, y og e på fransk, som stemt dsj [dʒ] føre dei same vokalane på engelsk og føre i og e på italiensk, som x føre i og e på spansk. På norsk er g stum føre j, til dømes i gjere. Han blir uttalt som j føre ei og i i opphavlege norske ord, til dømes i geip, gi, men som g i opphavlege framande ord, til dømes geistleg. Føre e og i i opphavlege framande ord vert bokstaven dels uttalt som g, til dømes general, dels som ustemt sj [ ʃ ], til dømes generøs, dels som dsj [dʒ], til dømes gentleman, alt etter kva språk ordet stammar frå. Føre y vert g som oftast uttalt som j, men i somme framande ord som g.

G kan stå for[endre | endre wikiteksten]

g kan stå for[endre | endre wikiteksten]

  • symbol for tyngdeakselerasjon, det vil sei den akselerasjonen ein lekam får i fritt fall i tomt rom nær jordoverflata. Verdien av g varierer frå 9,78 m/s² ved ekvator til 9,83 m/s² ved polane. Standard tyngdeakselerasjon, symbol g0, er av CGPM (Conférence Générale des Poids et Mesures) fastsett til 9,80665 m/s².
  • eining for akselerasjon, ofte nytta når ein lekam er utsett for ei kraft som er proporsjonal med massen av lekamen, til dømes sentripetalakselerasjonen ved ei sirkelrørsle, akselerasjonen ved oppskyting av eit romfartøy, eller tyngdeakselerasjonen på andre klodar. Ein lekam ved jordoverflaten som er i ro, eller i rettlinja rørsle med konstant fart, er heile tida påverka av ei kraft lik tyngda av lekamen, og dette samsvarar ein akselerasjon på 1 g. Når ein lekam får ein akselerasjon på 5 g, betyr det at han er utsett for ei kraft som er lik 5 gonger tyngda av lekamen.
  • symbol for gram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]