Æ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å


Æ er den tjuesjuande bokstaven i det norske alfabetet som òg blir brukt i islandsk, færøysk, dansk og ossetisk. Vokalen var opphavleg ei samskriving av A og E. På islandsk blir denne bokstaven uttala som ein diftong [ai] (IPA), på dansk og norsk som monoftongane [ɛ] og [æ], medan færøysk både har ein såkalla lang æ som er ein diftong [ɛa] og ein kort æ som blir uttala [a].

latin vart ae, eigentleg ein diftong (jamfør at Caesar vart teken av germanarane i forma Kaiser), i sein tid uttalt æ. I tysk og svensk ä representerer  ¨ ein liten gotisk e skriven over bokstaven.

Æ har òg vore brukt i latin, fransk og gammalengelsk, og kan framleis brukast i visse engelske ord, som Encyclopædia. Andre språk bruker Ä om om lag same lyd som norsk Æ.

Æ vert på norsk uttalt som ein som ein brei, fremre vokal føre r, elles oftast som e.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]