K

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

K (k) er den ellevte bokstaven i det latinske alfabetet. Han stammer frå greske kappa (Κ, κ), som i latin og i dei romanske språka så godt som heilt er avløyst av c. Lydverdien til bokstaven er i regelen ein ustemt, bakre plosiv, men føre fremre vokalarnorsk og svensk har han oftast lydverdien [kj] (på norsk føre e, i og ei, øy, bortsett frå visse namn og framandord).

Ord som ikkje finst på k, bør søkast under c. Merk òg at både den greske bokstaven x og den russiske bokstaven x blir transkribert som kh, til dømes Khalkis og Kharkov.

K kan vise til[endre | endre wikiteksten]

  • K - kjemisk symbol for grunnstoffet kalium
  • K - I SI-systemet eit symbol for grunneininga Kelvin (temperatur)
  • K - symbol for varmeoverføringskoeffisient (varmegjennomgangskoeffisient). Her blir òg k nytta.
  • K - på tyske bilskilt: Köln
  • K - på austerrikske bilskilt: Klagenfurt
  • K - på norske bilskilt før 1971: Vest-Agder fylke
  • K – i skandinaviske og tyske ordenar forkorting for kommandør (tysk Komtur eller Kommandeur), vanlegvis den høgaste graden i ordenen. I britiske ordenar er han forkorting for Knight.

k kan vise til[endre | endre wikiteksten]

  • k - I SI-systemet eit symbol for kilo. Skrive føre eit einingssymnbol tydet det at eininga skal multipliserast med 1000. Innan IT står k (kilo) for 210 = 1024. Til dømes er 1 kB = 1 kilobyte = 1024 bytes.
  • k (i kursiv) - symbol for Boltzmann-konstanten = 1,380 662 · 10–23 J/K.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]