F

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å
Bokstaven F

Bokstaven F er den sjette bokstaven i det latinske alfabetet. Han stammar over gresk frå det fønikiske alfabetet og heiter på semittisk waw. Ordet tyder «nagle» eller «krok», og slik har det opphavlege biletteiknet sett ut. Bokstaven heitte på gresk vau (teken i tysk som namn på v) eller etter forma digamma, dobbelt-gamma. Han var vanleg i eldre gresk skrift, men den lyden han viste til, w (konsonantisk v), fall etter kvart bort, og bokstaven gjekk ut av det klassiske greske alfabetet. Lyden f kom først inn i gresk i keisartida i staden for ph, som før hadde vorte uttalt p med aspirasjon. Romarane gav att frå først av f-lyden dels med vh, sidan med fh og deretter med f aleine. De kalla bokstaven ef.

I runealfabetet er f første rune i første ætt.

F kan stå for[endre | endre wikiteksten]

  • tonen F i musikken
  • grunnstoffet fluor
  • ei kraft, F (av eng. force)
  • F, farad, eininga for kapasitans.
  • symbol for faradaykonstanten.
  • temperatureininga Fahrenheit
  • nasjonalitetsmerke for Frankrike, til dømes på bilar og føre postnummer.
  • på tyske bilar: Frankfurt am Main
  • på norske bilar før 1971: Buskerud fylke
  • forkorting på romerske innskrifter for Fabius, fecit, filius og frater.
  • forkorting for Fellow, som er eit medlem av eit vitskapleg selskap, yrkessamanslutning eller liknande, som F.B.A. Fellow of the British Academy, F.R.S. Fellow of the Royal Society, F.S.A. Fellow of the Society of Antiquaries og F.R.I.B.A. Fellow of the Royal Institute of British Arc.
  • reseptar er F. forkorting for latinske fiat eller fiant som tyder «må lagast (tilberedes)».
  • forkorting for engelsk fighter, som tyder jagarfly, til dømes F-16.

f kan stå for[endre | endre wikiteksten]

  • prefikset femto, ein tusen-billiondel av eininga eller 10-15
  • f. er forkorting for femininum eller hokjønn i grammatikk.
  • er eit dynamisk teikn i musikk, sjå dynamikk i musikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]