Røyrdrumar
| Røyrdrumar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Pelecaniformes | |
| Familie: | Ardeidae | |
| Underfamilie: | Botaurinae | |
| Slekter | ||
Røyrdrumar (Botaurinae) er ein underfamilie i hegrefamilien. Underfamilien omfattar i alt 14 nolevande artar i tre slekter som er utbreidde i heile verda, unntatt dei kaldaste områda på jorda. I Sentral-Europa, er underfamilien representert av to artar, nemleg arten røyrdrum og dvergrøyrdrum.
Røyrdrumar skil seg frå andre hegreartar med ei rekkje morfologiske eigenskapar og åtferdsmessige trekk. Inndelinga i ein eigen underfamilie er stadfesta ved genetisk testing. Den søramerikanske sikksakkhegre vart tidlegare rekna som nærskylt tigerhegrar, men er no rekna som medlem av røyrdrumar.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Røyrdrumartane er samla sett små til middels store, og tettbygde til hegrar å vere, med relativt kort og tjukk hals. Dei fleste har ei brunleg fjørdrakt. Skiferrøyrdrum og gulhalsrøyrdrum har med sine skiferfarga brun til svartbrune overside den mørkaste fjørdrakta. Alle artar har til felles at undersida er lysare enn oversida og hals og bryst og halsen har brunlege striper. Berre orientrøyrdrum skil seg ut frå dei andre artane ved at dei berre har ei langsgåande stripe. Nebba til røyrdrumartane er relativt korte og hornfarga, sterk gule til gulgrøne, og i nokre få artar òg i mørkegrønt til svart.
Dei minste artane er dei i slekta Ixobrychus. Den afrikanske skiferrøyrdrum til dømes, blir berre 27 til 30 centimeter i kroppslengd og veg 142 gram[1] pygmérøyrdrum blir opp til 36 cm, men veg mindre enn 100 gram.[2] Dei fire artane i slekta Botaurus er mellomstore hegrar. Hoer av den europeiske arten røyrdrum veg 817 til 1150 gram, hannane 966-1940 gram og har ei kroppslengd på 70 til 80 centimeter.[3] Alle røyrdrumartar har 10 halefjører.
Røyrdrumar er representerte med artar i Nord-Amerika og Sør-Amerika, Asia, Afrika, Australia, New Zealand og Europa. Nokre artar er trekkfuglar og nokre bestandar held seg ved hekkekoloniane året rundt. Røyrdrumar er bundne til vatn i livsmåten sin. Føretrekte habitat er eit tett vegetasjonsbelte langs ferskvatn. Spesifikt, treng røyrdrumar omfattande sivsenger. Ein art finnast òg i salte myrar og mangrovar.
Dietten til røyrdrumartane er svært variert og omfattar fisk, krepsdyr, froskar, rumpetroll, insekt og små pattedyr. Artane hekkar parvise eller i svært lause koloniar. Hekkesesongen varierer avhengig av utbreiingsområdet. Kulla varierer mellom eitt og sju egg.
Ettersom desse fuglane er lite synlege, er storleiken av populasjonen for dei fleste av artane av Ixobrychus-slekta ukjente. Men alle i Ixobrychus er likevel klassifiserte av IUCN som livskraftige. Australrøyrdrum er klassifisert som sterkt trua (EN) og sikksakkhegre som nær trua (NT).[4]
Artslista [endre]
Røyrdrumar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]
Slekt Botaurus
- Tjukknebbrøyrdrum, Botaurus pinnatus
- Amerikarøyrdrum, Botaurus lentiginosus
- Røyrdrum, Botaurus stellaris
- Australrøyrdrum, Botaurus poiciloptilus
Slekt Zebrilus
- Sikksakkhegre, Zebrilus undulatus
Slekt Ixobrychus
- Okerrøyrdrum, Ixobrychus sinensis
- Dvergrøyrdrum, Ixobrychus minutus
- manglar norsk namn, eng: Black-backed Bittern, Ixobrychus dubius
- Orientrøyrdrum, Ixobrychus eurhythmus
- Kanelrøyrdrum, Ixobrychus cinnamomeus
- Skiferrøyrdrum, Ixobrychus sturmii
- Gulhalsrøyrdrum, Ixobrychus flavicollis
- Pygmérøyrdrum, Ixobrychus exilis
- Striperøyrdrum, Ixobrychus involucris
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dommeln» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2013.
- Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
-
- James A. Kushlan & James A. Hancock: Herons. Oxford University Press, 2005, ISBN 0-19-854981-4
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Botaurus poiciloptilus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. februar 2013
- BirdLife International (2013) Species factsheet: Zebrilus undulatus. Henta frå http://www.birdlife.org den 18. februar 2013
Referansar [endre]
- ↑ Kushlan et al., S. 329,
- ↑ Kushlan et al., S. 310
- ↑ Kushlan et al., S. 296
- ↑ BirdLife International 2013
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)