Rudolf Hilferding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rudolf Hilferding og hans kone Margarete.

Rudolf Hilferding (10. august 187710. februar 1941) var ein austerriksk sosialist. Han er kjend som ein av dei fremste representantane for "austromarxismen", dei kretsane i det austerrikske sosialdemokratiske partiet (SDAP, frå 1945 SPÖ) som utvikla ein venstresosialistisk kurs for dette partiet i første halvdelen av førre hundreåret. Denne venstresosialismen var annleis enn både den moderate fleirtalsretninga som utvikla seg i internasjonalt sosialdemokrati, og annleis enn den russiske bolsjevismen som skapt av Vladimir Lenin blei til internasjonal kommunisme. Andre framståande austromarxistar var Otto Bauer, Max Adler og Karl Renner.

Hilferding er kjend som forfattar av boka «Finanskapitalen», som kom i 1910, og som hevdar at kapitalismen blir stadig meir prega av innverknaden frå kredittinstitusjonane. Kapitalen blir ikkje berre meir og meir konsentrert og sentralisert, det skjer også ei utvikling der finanskapitalen får herredømme over den industrielle produksjonen, realkapitalen. Herredømmet til finanskapitalen medfører også auka kapitaleksport, og intensivert imperialisme.

Hilferding hadde flytta frå Austerrike til Tyskland i 1907, og representerte det tyske sosialdemokratiske partiet SPD i den tyske riksdagen (parlamentet) da første verdskrigen braut ut i 1914. Han var ein av dei få tyske sosialdemokratiske riksdagsrepresentantane som røysta mot krigskredittar til den keisarlege regjeringa. Etter krigen blei han enda meir framståande i SPD.

Etter at nazistane fekk makta i Tyskland i eit samarbeid med det konservative høgrepartiet i 1933, blei stoda stadig vanskelegare for Hilferding som for andre sosialistar. I 1938 flykta Hilferding til Frankrike, og slo seg ned i Paris. Etter at Hitler-Tyskland hadde okkupert Paris i 1940, blei Hilferding arrestert av Gestapo. Han blei funnen hengd i fengselscella i 1941.