Rumpeldunk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rumpeldunk (engelsk Quidditch) er ein fiktiv sport spelt på sopelimar i serien om Harry Potter. Det blir spelt med tre ballar (klabb, gullsnopp og sluff), sju spelarar og seks målstenger (tre på kvar side av banen). Kvart lag består av to knakkarar, ein speidar, ein målvakt og tre jagarar.

Ballane og spelarane si rolle i sporten[endre | endre wikiteksten]

Ein teikna versjon av sluffen.
Ein teikna versjon av ein klabb.
Ein teikna versjon av gullsnoppen.

Gullsnoppen[endre | endre wikiteksten]

Gullsnoppen (engelsk: Snitch) er den minste ballen i spelet. Han er valnøttstor, gyllen, har venger og er vanskeleg å fange. Snoppen har to funksjonar i Rumpeldunk. For det første regulerer han kamplengda: Spelet er over idet ein av speidarane klarer å fange han. For det andre får laget som fangar han 150 poeng. Dette er ein poengsum som svarar til femten skåringar.

Gullsnoppens opphav er ifølgje boka Rumpeldunk gjennom tidene ein kamp i 1269 da ein liten fugl av arten Gullsnupp blei sleppt laus på banen. Fuglejakta blei snart ein del av spelet, men da fuglen blei freda, blei han bytta ut med ein ball. På 1100-talet levde fuglen i Nord-Europa. Det har ikkje vore noko problem å skjule denne arten for gompar, sidan han flyr så fort at han rett og slett ikkje er synleg for andre enn nokre få trollmenn. Han er også veldig god til å gøyme seg. Snuppjakt var populært som sport på 1100-talet.

På andre språk;

  • Gullsnoppen
    • Engelsk: Snitch
    • Tsjekkisk: Zlatonka
    • Fransk: Vif d'Or
    • Tysk: Schnatz
    • Italiensk: Boccino
    • Nederlandsk: Snaai
    • Polsk: złoty znicz
    • Portugisisk (Brasil): Pomo de Ouro

Sluff[endre | endre wikiteksten]

Den moderne sluffen er ein rund, skarlagensraud ball som er 30 cm i diameter og saumlaus. Opphavleg var sluffen av lêr, ofte med ei hempe. I utgangspunktet var sluffen ikkje forheksa, i motsetning til ei andre ballane i spelet. Moderne sluffar er forheksa ved hjelp av ein formel oppfunnen av heksa Daisy Pennifold. Den såkalla «Pennifold-sluffen» fell ikkje i vanleg fart, men søkk gjennom lufta som i vatn, slik at jagarane får tid til å fange han før han når bakken.

Fire spelarar på kvart lag har oppgåver som heng saman med sluffen. Dei tre jagarane og målmannen prøver å få ballen gjennom motstandarlagets målringar, samtidig som dei vaktar sine eigne.

På andre språk;

  • Sluff
    • Engelsk: Quaffle
    • Tsjekkisk: Camrál
    • Fransk: Souafle
    • Italiensk: Pluffa
    • Nederlandsk: Slurk
    • Polsk: Kafel
    • Portugisisk (Brasil): Goles

Klabb[endre | endre wikiteksten]

Klabben er ein jernball som flyg gjennom lufta og prøver å slå spelarane av sopelimane. Klabben går etter nærmaste spelar. Kvart lag har to knakkarar som bruker balltre for å slå klabbana unna spelarane på sitt eige lag, mot motstandarlagets spelarar. Klabbane oppstod som flygande steinar. Ettersom desse lett blei slått i stykke, begynte ein tidleg på 1500-talet å eksperimentere med metallklabbar.

På andre språk;

  • Klabb
    • Engelsk: Bludger
    • Tsjekkisk: Potlouk
    • Fransk: Cognard
    • Tysk: Klatscher
    • Hebrew: Marbitzan
    • Italiensk: Bolide
    • Nederlandsk: Beuker
    • Polsk: Tłuczek
    • Portugisisk (Brasil): Balaço (bokstavleg stor kule)

Rumpeldunk-lag[endre | endre wikiteksten]

  • Appleby Arrows
  • Ballycastle Bats
  • Caerphilly Catapults
  • Chudey Cannons
  • Falmount Falcons
  • Holyhead Harpies
  • Kenmare Kestrels
  • Montrose Magpies
  • Pride of Portree
  • Puddlemere United
  • Tutshill Tornados
  • Wigtown Wanderers
  • Wimbourne Waps
Sopelimen Nimbus 2000.
Sopelimen Nimbus 2001.

Rumpeldunk på Galtvort[endre | endre wikiteksten]

Kvart hus på Galtvort har kvart sitt rumpeldunklag som spelar kampar mot kvarandre. Poenga laga får i desse kampane gjeld med på husmeisterskapen. Harry Potter var speidar på Griffing-laget frå sitt fyrste til sjette år, altså all tida han gjekk på Galtvort.

Laget for år 1-3[endre | endre wikiteksten]

Dette Griffings lag dei tre fyrste åra Harry Potter gjekk der.

Posisjon Namn
Keeper Oliver Kvist (kaptein)
Jager Angelina Johnson
Jager Kattie Bull
Jager Alicia Spinnet
Knakker Fred Wiltersen
Knakker Frank Wiltersen
Speider Harry Potter

Rumpeldunk i røynda[endre | endre wikiteksten]

Etter den store suksessen til Harry Potter-bøkene og -filmane har det grodd fram ei internasjonal rørsle som speler såkalla «Muggle Quidditch» (eller «Gompeldunk»). Rørsla starta ved høgskular og universitet i USA. Ho er organisert i det Internasjonale Rumpeldunkforbundet (International Quidditch Association, IQA). Rumpeldunklag finst no i svært mange land i verda, og det blir arrangert diverse cupar, mellom anna verdscup.

I Noreg finst per 29. september 2012 to offisielle lag.[treng kjelde] Det fyrste offisielle laget til Noreg blei starta ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim i 2012 og er ein del av NTNUI, idrettslaget til NTNU.[1]

Dei openberre utfordringane ved å spele eit magisk spel utan magi blir takla ved at spelarane spring på bakken med sopelimar mellom beina og kastar kanonballar i staden for å bruke trollmannsrumpeldunkens jernklabbar og balltre. Gullsnopp-ballen er festa til ein person som kan bevege seg fritt innanfor eit på førehand fastsett område.

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

  • Rumpeldunk
    • Engelsk: Quidditch
    • Bulgarsk: Kuidich
    • Tsjekkisk: Famfrpál
    • Nederlandsk: zwerkbal
    • Finsk: huispaus
    • Fransk: Quidditch
    • Gresk: Κουίντιτς
    • Latin: ludus Quidditch
    • Portugisisk (Brasil): Quadribol (quadriball, som i fire baller)
    • Slovakisk: Metlobal
    • Polsk: Quidditch

Spelarane[endre | endre wikiteksten]

  • Speider
    • Engelsk: Seeker
    • Bulgarsk: Търсач
    • Tsjekkisk: Chytač
    • Nederlandsk: Zoeker
    • Fransk: Attrapeur
    • Tysk: Sucher
    • Gresk: Ανιχνευτής
    • Hebrew: Mehapes
    • Italiensk: Cercatore
    • Latin: Secutor
    • Norsk: speider
    • Polsk: Szukający
    • Portugisisk (Brasil): Apanhador
    • Spansk: Buscador
    • Slovakisk: Stihac
  • Knakkere
    • Engelsk: Beaters
    • Tsjekkisk: Odrážeči
    • Fransk: Batteurs
    • Tysk: Treiber
    • Hebrew: Hovtim
    • Italiensk: Battitori
    • Spansk: Golpeador
    • Nederlandsk: Drijvers
    • Portugisisk (Brasil): Batedores
    • Polsk: Pałkarze
  • Keeper
    • Engelsk: Keeper
    • Tsjekkisk: Brankář
    • Fransk: Gardien
    • Tysk: Hüter
    • Hebrew: Shomer
    • Italiensk: Portiere
    • Spansk: Guardián
    • Nederlandsk: Wachter
    • Portugisisk (Brasil): Goleiro (målvakt)
    • Polsk: Obrońca
  • Jager
    • Engelsk: Chaser
    • Tsjekkisk: Střelec
    • Nederlandsk: Jager
    • Fransk: Poursuiveur
    • Tysk: Jäger
    • Hebrew: Rodfim
    • Italiensk: Cacciatori
    • Spansk: Cazador
    • Portugisisk (Brasil): Artilheiro
    • Polsk: Ścigający

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dette avsnittet inneheld informasjon frå engelsk wikipedia.
  • Mykje av informasjonen er henta frå J.K. Rowlings bok Rumpeldunk gjennom tidene (Kennilworthy Whisp) som blei publisert til inntekt for Comic Relief i 2001, på norsk på N.W.Damm&Søn forlag og omsett av Torstein Bugge Høverstad.
  • Nettstaden til IQA

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Studenter på sopelimer" Adressa.no. 3. oktober 2012.