Saar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saar
Saar-svingane ved Mettlach
Saar-svingane ved Mettlach
Utspring Vogesane
- Høgd om lag 800 m
Munning Mosel
Land i nedslagsfelt Frankrike, Tyskland
Lengd 246 km
Middelvassføring 47 m³/s
Nedslagsfelt 7 431 km²

Saar (fransk: Sarre) er ei elv nordaust i Frankrike og vest i Tyskland, og ei av sideelvene til Mosel frå høgre. Ho har sitt utspring i Vogesane på grensa mellom regionane Alsace og Lorraine, der dei to elvene Sarre Rouge og Sarre Blanche renn i hop ved Lorquin. Begge desse elvane har sitt utspring nær Mont Donon, den høgaste toppen nord i Vogesane. Etter 246 km (126 km i Frankrike og 120 km i Tyskland) munnar Saar ut i Mosel ved Konz (Rhineland-Palatinate). Saar har eit nedslagsfelt på 7 431 km², og vatnet her renn via Mosel ut i Rhinen og Nordsjøen.

Tidlagere var Saar svært viktig for industrien i Saarland, som dreidde seg om kol, jern og stål. Råmateriale og ferdige produkt vart skipa på elva og vidare via Mosel til Rhinen og til dømes til Ruhrgebiet eller Rotterdam.

Saar renn gjennom følgjande departement i Frankrike, delstatar i Tyskland og byar:

På breidda av Saar ligg verdsarvstaden Völklinger Hütte. Ved Mettlach passerer Saar gjennom dei kjende Saar-svingane.

Viktigaste sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saar