Sarreguemines

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sarreguemines
Elva Saar og kasinoet i Sarreguemines
Elva Saar og kasinoet i Sarreguemines
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Moselle
Geografi
Flatevidd
 - By

29,67 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

23 202
  782/km²
Koordinatar 49°07′″N 06°04′″EKoordinatar: 49°07′″N 06°04′″E
Høgd over havet 220 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 57200
Heimeside: www.sarreguemines.fr

Sarreguemines (tysk Saargemünd) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Lorraine, og har om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Sarre.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sarreguemines tyder på fransk «samanløp med Saar», og viser til at elva Blies munnar ut i Saar ved byen. Byen ligg 60 km aust for Metz, 100 km nordvest for Strasbourg med tog, langs linja mellom Trier og Saarburg. Historisk sett låg Sarreguemines ved endestasjonen for båttrafikken på Saar, og hamna i byen var derfor ein viktig omlastingsstad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sarreguemines var opphavleg ein romersk busetnad som fekk byrettar på 1200-talet. I 1297 vart byen avstått av greven av Saarbucken til hertugen av Lorraine, og i lag med resten av Lorraine vart han fransk i 1766.

Han vart overført til Tyskland i 1871 med Frankfurttraktaten etter den fransk-prøyssiske krigen. Frå 1871 til 1918 var byen ein del av provinsen Alsace-Lorraine i Tyskland og produserte fløyel, lêr, porselen og keramikkvarer, og hadde eit stort lager for pappmachéboksar nytta som snusdåsar. Etter den første verdskrigen vart han igjen ein del av Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sarreguemines