Selsnepe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Selsnepe


Status i Noreg: LC Livskraftig

Selsnepe
Selsnepe

Systematikk
Rike: Plantæ
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Apiales
Familie: Apiaceæ
Slekt: Cicuta
Vitskapleg namn
Cicuta virosa

Selsnepe (Cicuta virosa) er ein giftig plante i skjermplantefamilien.

Planten er fleirårig og blir 50–150 cm høg. Han blomstrar i juli-august med lyse rosa blomar som sit saman i paraplyform.

Ein finn blomen i våtområde som våte enger og myrer. Selsnepe veks naturleg i nordlege og sentrale Europa, nord i Asia og nordvest i Nord-Amerika.

Giftstoff[endre | endre wikiteksten]

Sår på stilken og røtene gjer at planten gjev frå seg ei gul, oljeaktig væske med lukt som kan minna om mys, gulrøter eller pastinakk. Ettersom planten har kvite rotknollar som kan minna om pastinakkgrønsaken kan han forvekslast med denne.

Den gule væska og planterøtene inneheld cicutoxin som kan stogga sentralnervesystemet i både menneske og dyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Selsnepe
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.