Jesús Navas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jesús Navas
Personleg informasjon
Namn Jesús Navas González
Fødselsdato 21. november 1985
Fødestad Los Palacios y Villafranca i Spania
Høgd 170 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Spelar for Sevilla
Draktnummer 7
Ungdomsklubb
1998-2000
2000-03
Spania Los Palacios
Spania Sevilla
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003- Spania Sevilla 196 (17)
Landslag**
2004-05
2009-
Spania Spania U21
Spania Spania
5 (0)
9 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 16. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 11. juli 2010.

Jesús Navas González (fødd 21. november 1985 i Los Palacios y Villafranca i Andalucía) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Sevilla. Han har òg landskampar for Spania. Navas var med på å vinna UEFA-cupen med Sevilla i 2006 og 2007.

Navas lir av kronisk heimlengt og panikkanfall i så sterk grad at han har forlate treningsleirar som har vore for langt borte frå Sevilla og har vore open om dette.[1][2][3] Han vart rekna som ein lovande landslagsspelar på U21-nivå, men måtte gi seg med landslagsspel på grunn av angstproblema. I august 2009 kunngjorde han at han ville freista å overvinna desse problema for å kunne spela landslagsfotball, og han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein heimekamp mot Argentina. Han vart teken ut til fotball-VM i 2010 i Sør-Afrika, og skåra det første landslagsmålet sitt i ein oppvarmingskamp mot Sør-Korea før VM, 3. juni 2010. Under sjølve turneringa starta han kampen mot Honduras i gruppespelet og kom inn som innbytar i gruppekampen mot Sveits og finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wenger may gamble on nervy Navas; Mirror Football, 21. november 2006
  2. «World Cup 2010: Jesus Navas delighted to score his first for Spain». The Daily Telegraph. 4. juni 2010. http://www.telegraph.co.uk/sport/football/world-cup-2010/teams/spain/7803156/World-Cup-2010-Jesus-Navas-delighted-to-score-his-first-for-Spain.html. Henta 12. juli 2010. 
  3. «Jesus Navas gets a call up for Espana». La Liga Weekly. 13. november 2009. http://www.laligaweekly.com/2009/11/jesus-navas-gets-call-up.html. Henta 12. juli 2010.