Sigdskeiand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigdskeiand

Status i verda: LC Livskraftig

Sigdskeiand, hannfugl Foto: DickDaniels
Sigdskeiand, hannfugl
Foto: DickDaniels

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anas
Art: A. rhynchotis
Vitskapleg namn
Anas rhynchotis
Sigdskeiand
Namn på andre språk
Svensk Australisk skedand
Dansk Australsk Skeand
Engelsk Australian Shoveler
Maori Kuruwhengi
Bokmål Sigdskjeand

Sigdskeiand (Anas rhynchotis) er ei mellomstor grasand i Anas-slekta som har leveområde søraustlege Australia og på New Zealand.

Sigdskeiender har eit karakteristisk stort, grått, spatelforma nebb. Som vanleg for Anas-endene viser dei kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og fjørdrakta åt andriken endrar seg vesentleg mellom eklipsdrakta og praktdrakta. I praktdrakt syner han blågrått farga hovud, ei kvit vertikal stripe mot nebbrota, og gyldent auge. Brystet er lyst med mørkebrune flekker. Bakkanten av kroppsida har ein kvit flekk. Hannar i eklipsdrakta er bleikare og liknar hofuglar. Hoa er jamt brunspraklete med litt bleikare nebb. er mørk brun, med markerte mørke striper på eit bleikt hovud, nebbet er grått. I flukt viser begge kjønn eit grønt vengespegl, speculum, samt eit breit gråblått band på framvengen. Kroppslengda er gjennomsnittleg 49 centimeter og hannar veg ca. 650 gram, hofuglar litt mindre.

Dei føretrekk habitat i grunne innsjøar i låglandet og treffast òg i estuar.

Føda er først og fremst små, akvatiske plantar, og frø og dyreplankton som dei siler ut frå vatnet. Dei tar og store virvellause dyr som biller og ferskvasssniglar.

Egglegging skjer frå oktober til januar. Kullet er typisk 11 egg som hoa rugar i ca. 25 dagar. Ungane er dunkledde i mørkebrunt ved klekking og flygedyktige etter ca. 50-60 dagar.

Storleiken på populasjonen var estimert til ca. 150 000 individ på 1980-talet, og er rekna å vere stabil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sigdskeiand