Anas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anas

Status i verda: LC Livskraftig

Krikkand Foto: Dick Daniels
Krikkand
Foto: Dick Daniels

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Anseriformes
Familie: Anatidae
Slekt: Anas
Vitskapleg namn
Anas

Anas er ei biologisk slekt med grasender i andefamilien.

Slekta samlar ender av varierande storleik, frå krikkand på 34 centimeter i kroppslengd til raudfotand og golfand som kan bli over 60 cm. Dei hekkar ved ferskvatn. Anas-grasender beitar typisk på akvatiske plantar og virvellause dyr på grunt vatn. I motsetnad til dukkender i slektene Netta, Aythya og Bucephala dukkar Anas-endar i vatnet ved å vippe framkroppen ned i vatnet og bakkroppen opp i lufta. Dei er i stand til å flyge rett opp frå vassoverflata.

I vinterhalvåret har mange artar særs iaugefallande oppvisingar ved kurtise. Dette byrjar på ei tid der fuglane ikkje er i stand til formering. Kurtisen blir tatt opp att jamleg i vårmånadane og inkluderer artsspesifikke positurar, gestar og rørsler. Den langvarige kurtisen bidreg til å sikre at det finst partnarar av same art.

Dei fleste artane i denne slekta, spesielt viss dei er utbreidde i temperert klima i nord, syner stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakt. Fjørdrakta åt andriken endrar seg vesentleg mellom vår og haust, praktdrakta blir utvikla allereie tidleg på hausten, etter andre myting. Hos hofuglar derimot, er fjørdrakta ikkje så veldig annleis gjennom året.

Blant dei mest kjende og mest utbreidde representantar for denne slekta er stokkand, Anas platyrhynchos. Stokkanda har ein populasjon på meir enn 19 millionar individ spreidd over store delar av den nordlege halvkula.[1] Slekta inneheld òg nokon av dei mest avgrensa og isolerte øyartar som dessutan er truga eller sterkt truga. Til dømes lever ein estimert populasjon på maksimum 2500 individ (2002) av gassarkrikkand, Anas bernieri på vestsida av Madagaskar.[2] Campbelland, Anas nesiotis med berre maksimalt 200 kjønnsmodne individ, overlever på berre 23 dekar på Dent Island, Campbell-øyane.[3] Laysanand, Anas laysanensis, som er blant dei mest sjeldne vassfuglar i verda, lever på den 370 hektar store øya Laysan, Hawaii. Populasjonen er på om lag 500 - 680 hekkande individ (2010).[4]

Det har vist seg at mange artar innanfor denne slekta er i stand til å reprodusere med kvarandre. Avkommet, derimot, er vanlegvis sterilt.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Anas i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anas platyrhynchos. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  2. Anas bernieri. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  3. Anas nesiotis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  4. Anas laysanensis. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anas