Sinober

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sinober
Cinnabarit 01.jpg
Sinober
Generelt
Kategori Sulfidmineral
Kjemisk formel Kvikksølv(II)sulfid, HgS
Strunz-klassifisering 02.CD.15a
Krystallsymmetri Trigonal trapezoeder
H-M-symbol: 3 2
Romgruppe: P31 2 1
Einingscelle a = 4.145(2) Å, c = 9.496(2) Å, Z=3
Identifikasjon
Farge Kaminraudt, mot brunraud og blygrå
Krystallform Romboeder til tavleforma; korna til massive og som skorper
Krystallsystem Trigonal
Tvilling Enkkle kontakttvillingar, tvillingplan {0001}
Kløyv prismatisk {1010}, perfekt
Brot Ujamn til undermuslig
Fastleik Kan lett skjerast
Mohs hardleiksskala 2-2.5
Glans Diamantaktig til matt
Strekfarge Skarlagen
Transparens Gjennomsiktig i tynne delar
Spesifikk vekt 8.176
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Einaksa (+)
Brytingsindeks nω = 2.905 nε = 3.256
Dobbeltbryting δ = 0.351
Oppløyselegheit 1.04 x 10-25 g per 100 ml vatn[1]
Kjelder [2][3][4]

Sinober eller cinnabaritt er eit raudt mineral, ein trigonal modifikasjon av kvikksølv(II)-sulfid, HgS. Det inneheld i rein tilstand 86,2 % kvikksølv og er det klårt viktigaste kvikksølvmineralet. Større førekomstar finst i Spania (Almadén), Slovenia (Idrija), Italia (Monte Amiata), Kina (Hunan-provinsen), Russland (Ural), Mexico og USA (California). Mineralet vart tidlegare brukt som raud malarfarge, men er erstatta av kunstig framstilt sinober. Ein svart, kubisk modifikasjon av HgS finst i naturen som det langt sjeldnare mineral metacinnabaritt.

Namnet er av orientalsk opphav, der siste delen kan ha samanheng med arabisk apar, 'raudt støv'. Til norsk over gresk kinnabari, fransk cinabre' og tysk Zinnober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sinober. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/sinober.
  1. Meyers, J. (1986), Chem. Ed. 63: 689 
  2. Mineral Handbook
  3. Mindat
  4. Webmineral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sinober