Skytypar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amboltforma cumulus

Høge skyer[endre | endre wikiteksten]

Cirrus[endre | endre wikiteksten]

Cirrus fibratus
Cirrus uncinus eller Cirrus floccus
Cirrus vertebratus

Forkorting: Ci

Cirrusskyer eller fjørskyer vert danna over 5000 m i dei kalde områda av troposfæren. Dei vert angjeve med forstaving cirro- eller cirrus. I desse høgdene har vatnet nesten alltid frose til is, slik at skyene hovudsakleg er bygd opp av iskrystallar. Skyene er ofte pistrete og gjennomsiktige. Isolerte cirrusskyer indikerer ofte ein stabil situasjon, som ikkje vil gje nedbør, men større mengder av dei kan tyde på at ein front nærmar seg, og at ein kan vente seg nedbør innan det neste døgeret.

Det finst fleire forskjellige cirrusskyer

  • cirrus castellanus
Ei rekkje tette humpar eller «cirrustårn» som er bunde saman av ein tynn skybase.
  • cirrus duplicatus
Lag av cirrus i forskjellige i forskjellige høgder. Av og til kan dei forskjellige laga vere knytt saman i enkelte område.
  • cirrus fibratus
Cirrusskyer med utsjånad som ein «hestehale». Desse skyene er lange, fiberaktige og bøygde.
  • cirrus floccus
Cirrus som er avrunda på toppen, medan den lågare delen er ujamn.
  • cirrus intortus
Cirrus skyer der skytrådane er bøygde og samanfiltra.
  • cirrus kelvin-helmholtz
Ei tynn, horisontal cirrusforma spiral, som indikerer kraftig turbulens i det laget av atmosfæren.
  • cirrus radiatus
Stort område med cirrus som «stråler» ut frå horisonten.
  • cirrus spissatus
Cirrus som er tjukke nok til å ha ein gråaktig farge når ein ser på dei i retning mot sola.
Liknar cirrus fibratus, men er meir krølla i endane.
  • cirrus vertebratus
Cirrus i krølla og horisontale striper. Cirrus som liknar ein brystkasse.
Cirrus med poseforma nedheng på undersida.
Luftfartøy sender ut vassdamp i atmosfæren, og denne dampen frys til iskrystallar. Dette dannar skyforma striper vi kallar cirrus kondensstriper.

Cirrocumulus[endre | endre wikiteksten]

A clump of cirrocumulus clouds.

Forkorting: Cc

Cirrocumulus oppstår over 5000 m over jordoverflata. Dei kan oppstå frå cirrusskyer eller cirrostratus som blir varma lett opp frå undersida. Dette skapar konvektive luftstraumar, eller lommer luft som stig og søkk inne i skya, visst det ikkje cirrus eller cirrostratus skyer i nærleiken, er det mest sannsynleg snakk om altocumulus og ikkje cirrocumulus.

  • cirrocumulus castellanus
Cirrocumulus med vertikale utvekstar i skytoppen.
  • cirrocumulus floccus
Cirrocumulus med skydottar som er avrunda i toppen, medan botn av dei er ujamne. .
  • cirrocumulus lacunosus
  • cirrocumulus lenticularis
  • cirrocumulus undulatus
  • cirrocumulus med mammatus
Cirrocumulus med poseforma nedheng frå undersida.

Cirrostratus[endre | endre wikiteksten]

Forkorting: Cs

Cirrostratusskyer er ofte gjennomsiktige og gjev ikkje nedbør.

  • cirrostratus duplicatus
  • cirrostratus fibratus
  • cirrostratus nebulosus
  • cirrostratus undulatus

Kondensstriper[endre | endre wikiteksten]

Luftfartøy sender ut vassdamp i atmosfæren, og denne dampen frys til iskrystallar. Dette dannar skyforma striper vi kallar kondensstriper.

Midlare skyer[endre | endre wikiteksten]

Altostratus[endre | endre wikiteksten]

Forkorting: As

Altostratusskyer vert danna av at store luftmassar stig og kondenserer, vanlegvis i samband med frontsystem, og dette fører til regn eller snø.

  • altostratus duplicatus
  • altostratus lenticularis
  • altostratus mammatus
  • altostratus opacus
  • altostratus praecipitatio
  • altostratus radiatus
  • altostratus translucidus
  • altostratus undulatus

Altocumulus[endre | endre wikiteksten]

Altocumulus makrellsky

Forkorting: Ac

Altocumulusskyer oppstår vanlegvis ikkje i samband med frontar, men kan føre til regn eller snø.

Låge skyer[endre | endre wikiteksten]

Stratocumulus[endre | endre wikiteksten]

Forkorting: Sc

Stratocumulusskyer er skylag av store skydottar som ofte oppstår i samband med frontar. Dei kan produsere regn eller yr og snø.

  • stratocumulus castellanus
  • stratocumulus duplicatus
  • stratocumulus floccus
  • stratocumulus lacunosus
  • stratocumulus lenticularis
  • stratocumulus mammatus
  • stratocumulus opacus
  • stratocumulus perlucidus
  • stratocumulus praecipitatio
  • stratocumulus radiatus
  • stratocumulus translucidus
  • stratocumulus undulatus

Stratus[endre | endre wikiteksten]

Forkorting: St

Stratus er lagdelte skyer som ofte fører til nedbør over store område, ofte som yr.

  • stratus fractus
  • stratus lenticularis
  • stratus nebulosus
  • stratus opacus
  • stratus praecipitatio
  • stratus translucidus
  • stratus undulatus

Cumulus[endre | endre wikiteksten]

Forkorting: Cu

Cumulusskyer vert ofte kalla godvêrsskyer, men kan utvikle seg til cumulonimbusskyer som kan føre til kraftig uvêr.

Vertikalt utvikla nedbør skyer[endre | endre wikiteksten]

Cumulonimbus[endre | endre wikiteksten]

Abbreviation: Cb

Cumulonimbus gjev regnbyer og kan gje torevêr.

Nimbostratus[endre | endre wikiteksten]

Nimbostratus

Forkorting: Ns

Nimbostratusskyer fører til kontinuerleg nedbør og låg sikt.

  • nimbostratus opacus
  • nimbostratus pannus
  • nimbostratus praecipitatio
  • nimbostratus virga

Skyer over troposfæren.[endre | endre wikiteksten]

Nacreous (Perlemorskyer)[endre | endre wikiteksten]

Ei tynn sky som ein kan sjå når sola er like under horisonten mellom 19 og 29 km opp i høgda. Desse skyene oppstår altså i stratosfæren.

Noctilucent (Lysande nattskyer)[endre | endre wikiteksten]

Ei tynn sky oftast sett mellom solnedgang og soloppgang og ligg i ei høgd på 80 til 85 km over jordoverflata.

Kva skynamna betyr[endre | endre wikiteksten]

Skykomponentar[endre | endre wikiteksten]

  • Alto – høgd
  • Cirrus – hårlokk
  • Cumulus – haug
  • Nimbus – som ber regn
  • Stratus – lag

Hovudskygrupper[endre | endre wikiteksten]

  • Altocumulus – alto og cumulus – høgde og haug - òg kalla rukleskyer på norsk
  • Altostratus – alto og stratus – høgde og lag - lagskyer.
  • Cirrocumulus – cirrus og cumulus – hårlokk og haug
  • Cirrostratus – cirrus og stratus - òg kalla slørsky på norsk
  • Cirrus – òg kalla fjørsky på norsk.
  • Cumulonimbus – cumulus og nimbus – haugsky med nedbør - òg kalla byesky på norsk.
  • Cumulus - haug - òg kalla haugsky på norsk
  • Nimbostratus – nimbus og stratus – nedbørsskylag
  • Stratocumulus – stratus og cumulus – lagskyer med haugar - òg kalla buklesky på norsk.
  • Stratus – lag - òg kalla lagsky eller tåkesky på norsk

Undergrupper[endre | endre wikiteksten]

  • Castellanus – ei rekkje tårn-liknande utvekstar frå skytoppen.
  • Congestus – opptårna, moderat utvikla og blomkålforma.
  • Fibratus – tynne fibrar som anten kan vere rette eller litt bøygde.
  • Floccus - kan sjå ut som ulltuster, litt opptårna
  • Fractus – opprivne skyer
  • Humilis – små, låge og flate cumulus
  • Lenticularis – linseforma skyer
  • Mediocris – cumulus av middels storleik med små kuler på toppen
  • Nebulosus – uklåre skyer utan karakteristiske trekk
  • Spissatus – tjukke cirrus med grå farge
  • Stratiformis – horisontal skylag
  • Uncinus – cirrus som er forma som eit komma.

Andre skytypar[endre | endre wikiteksten]

Ei opplyst lenticularissky
  • Arcus – bogeforma sky vanlegvis i samband med cumulus.
  • Duplicatus – doble – delvis samanfiltra lagskyer.
  • Incus – ambolt - den øvre amboltforma delen av ei cumulonimbussky
  • Intortus – vridd - bøygde og samanfiltra cirrus
  • Mammatus – mammatur tyder bryst på gresk – runde poseforma nedheng frå undersida av ei sky
  • Lacunosus – full av hol – tynne skyer med hol og opprivne kantar.
  • Opacus – tjukke og skuggeaktige - ei ugjennomsiktig sky
  • Pannus – ei oppriven sky som er festa til hovudskya.
  • Perlucidus – gjennomsiktig – eit skylag med små hol.
  • Pileus – kappe – ei cumulussky med ei kappeliknande sky på toppen.
  • Praecipitatio – fallande – skyer med nedbør som når bakken.
  • Radiatus – strålande – parallelle linjer som stråler ut frå eit sentralt punkt, som oftast cirrus.
  • Tuba – som ein trompet – ei søyle som heng ned frå botn av cumulusskyer
  • Translucidus – gjennomsiktig – gjennomsiktig skydott eller lag.
  • Undulatus – bølgjeforma – skyer som oppstår i eit bølgjemønster
  • Velum - segl - seglaktige skyer.
  • Vertebratus – skjelettaktige - cirrus i eit mønster som liknar på bein eller skjelett.

Uvêrsskyer[endre | endre wikiteksten]

Skyer som oppstår i samband med eller har tilknytting til uvêr

  • Ambolt – den flatare skytoppen av ei cumulonimbussky (CB)
  • Overskytande topp – overskytande topp av ei CB sky, ofte i samband med superceller
  • Kragesky – ein sjeldan ringforma sky som omkrinsar den øvre delen av ei arcussky
  • Cumulus – haugsky
  • Cumulus arcus – bogeforma sky som oppstår i samband med kraftige cumulus.
  • Cumulus congestus – opptårna cumulus.
  • Cumulus fractus – opprivne delar av ei cumulussky
  • Cumulus humilis - lita, låg og flat cumulussky, tidleg i utviklingsstadiet.
  • Cumulus Mediocris - cumulus med middels storleik
  • Cumulus pannus - opprivne delar av ei sky som er i kontakt med hovudsskya
  • Cumulus pileus - cumulussky med kapp
  • Cumulus praecipitatio - cumulus med nedbør som når bakken.
  • Cumulus radiatus – cumulus arrangert i parallelle linjer
  • Cumulus tuba - cumulus med ei søyle som er tubaforma i botn.
  • Cumulus velum - cumulus med bølgjemønster
  • Cumulonimbus – kraftig cumulussky
  • Cumulonimbus arcus - bogeforma sky som oppstår i samband med kraftige cumulonimbus.
  • Cumulonimbus calvus – cumulonimbus som enno ikkje har utvikla ambolt
  • Cumulonimbus capillatus - CB-sky der den øvre delen er cirrusforma
  • Cumulonimbus incus – Cb med ambolt
  • Cumulonimbus mammutus - CB med poseforma nedheng under ambolten.
  • Cumulonimbus pannus - oprivne delar som er knytte til hovudskya
  • Cumulonimbus pileus - cumulonimbus med kappe
  • Cumulonimbus praecipitatio - Cb med nedbør som når bakken
  • Cumulonimbus spissatus - Tjukke og grå Cb-skyer
  • Cumulonimbus tuba - cumulonimbus med ei søyle som er tubaforma i botn.
  • Cumulonimbus velum - cumulonimbus med bølgjemønster
  • Støvsky – roterande av «avfall» ved botn av ein tornado.
  • Traktforma sky – roterande sky på undersida av ei Cb-sky, som ikkje har kontakt med bakken.