Kurt Kristoff von Schwerin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grev Kurt Kristoff von Schwerin

Kurt Kristoff von Schwerin (26. oktober 16846. mai 1757) var ein prøyssisk Generalfeldmarschall og ein av dei øvste kommandørane til Fredrik den store.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Löwitz i Pommern og kom tidleg inn i den nederlandske hæren, der han tente under slaga ved Schellenberg og Blenheim.

I 1707 vart han oberstløytnant i hæren til hertugen av Mecklenburg-Schwerin og deltok i slaga ved Ramillies og Malplaquet, og med den svenske kommandøren Stenbock ved Gadebusch. I 1713 var han med Karl XII av Sverige då han vart teke til fange i Bender, og i 1718 vart han generalmajor.

I 1719 møtte han hæren frå Hannover som invaderte Mecklenburg, der han mellom anna gjorde nokre glimrande inngrep ved Walsmühlen den 6. mars 1719, og året etter gjekk han inn i teneste for kongen av Preussen. Først vart han sett til diplomatiske oppdrag, men i januar 1722-1723 fekk han kommandoen over eit infanteriregiment. I 1730, som generalmajor, var han medlem av krigsretten som stilte kronprins Fredrik for retten etter han prøvde å desertere. I 1733 avgjorde han striden i Mecklenburg som øvste leiar for den prøyssiske hæren.

Året etter vart han generalløytnant og i 1739 general for infanteriet. I løpet av regjeringstida til kong Fredrik Vilhelm var Schwerin òg involvert i mykje administrativt arbeid. Fredrik den store, etterkomaren hans, forfremma han til generalfeltmarskalk og gjorde han samstundes til greve. I slaget ved Mollwitz den 10. april 1741 viste Schwerin eit glimrande leiarskap då kongen hadde flykta frå slagmarka og han snudde det som ut til å gå mot eit tap til ein siger som avgjorde Preussen sitt herredøme over Schlesien.

Etter krigen var over vart han guvernør i dei viktige festningsbyane Brieg og Neisse. Under den andre schlesiske krigen (1744-1745) kommanderte Schwerin hæren som marjserte frå Glatz, møtte hæren til kongen ved bymurane til Praha, og spelte ei avgjerande rolle i omleiringa og erobringa av byen (10. september 1744).

Ein stund etter, då kongen vart tvungen til å trekke seg ut av Böhmen, utmerkte Schwerin seg nok ein gong, men etter dette trekte han seg tilbake til heimen sin der han vart verande i fredsåra som følgde.

Han dukka opp på slagmarka igjen då sjuårskrigen braut i 1756, og under det første felttoget leia han krigen på den schlesiske sida av Böhmen. I 1757 følgde han same ruta som i 1744 og møtte igjen Fredrik utanfor Praha. Den 6. mai under slaget ved Praha vart han skoten då leia venstreflanken til den prøyssiske hæren i åtaket på Praha, og den gamle feltmarskalken døydde.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Fredrik reiste ein statue av han på Wilhelmplatz i Berlin (i dag del av Wilhelmstraße) til minne om ein av dei største generalane hans, samt eit monument på sletta ved Praha til minne om staden han fall. Sidan 1889 har 14. (3, pommerske ) Infanteri i den tyske hæren bore namnet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]