Slaget ved Nassau i 1720

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raidet mot Nassau
Del av kvadrupelalliansekrigen
WoodesRogersStatueNassau.jpg
Statue av Woodes Rogers utanfor British Colonial Hotel i Nassau
Dato 24.-25. februar, 1720
Stad nær NassauBahamas
Resultat Britisk siger[1][2],
  • landing parties driven offshore; Nassau looted[2]
Partar
Bandera de España 1701-1760.svg Spain Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Flagget til Spania Francisco Cornejo
Flagget til Spania José Cordero
Det britiske flagget Woodes Rogers
Styrkar
3 fregattar,
9 korvettar,
1200 militssoldatar
2 fregattar,
500 militssoldatar

Raidet mot Nassau (eller Slaget ved New Providence) fann stad i februar 1720 då ein spansk styrke prøvde å angripe den britiske busetnaden Nassau under kvadrupelalliansekrigen.

Den spanske styrken på 1200 mann var hovudsakleg kubanarar og kommandert av José Cornejo. Trugselen om ein spansk invasjon hadde plaga New Providence det siste året, stoppa busetnaden på øya og gjort at dei b ygde Fort Nassau, med 50 kanonar og ein garnison på 250 soldatar. Dei første planane var å angripe byen frå Nassau hamn, men dette vart endra då spanjolane oppdaga to britiske krigsskip i hamna: flaggskipet til guvernøren, «Delicia» og fregatten HMS «Flamborough». Dei tunge linjeskipa til Spania stakk for djupt for det grunne farvatnet i hamna. Cornejo valte å gå om byen og den spanske skvadonen sneik seg austover langs Hog's Island og sette i land tre kolonnar og plyndra mykje gods før dei vart drivne attende av den 500 mann store militsen til guvernør Woodes Rogers. Dei spanske skipa låg i bukta ei stund før dei trekte seg attende.[2]

Cornejo segla etter kvart av stad med over 100 fanga slavar. Rogers, klarte ikkje å gje løn til garnisonen og med dårlegare helse, segla han kort tid etter attende til England. Guvernøren hadde brukt den personlege formuen sin på forsvaret av Nassau. Storbritannia og Spania forhandla fram fredsavtale året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of Nassau (1720)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2012.
  • Marley, David. Wars of the Americas: a chronology of armed konflikt in the New World, 1492 to the Present. ABC-Clio, 1998.
  • Little, Brian (1960), Crusoe's Captain, Odhams Press 
  • Riley, Sandra (2000), Homeward Bound: A History of the Bahama Islands to 1850 with a Definitive Study of Abaco in the American Loyalist Plantation Period, Riley Hall 
  1. Little p. 193–94
  2. 2,0 2,1 2,2 Marley p.243, Three columns push ashore causing considerable material damage before being repelled by Rogers’s 500 militia.