Slaget ved Kapp St. Vincent i 1719

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Kapp St. Vincent
Del av kvadrupelalliansekrigen
Dato 21. desember 1719
Stad Nær Kapp St. Vincent i Portugal
Resultat Spansk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Kommandantar
Philip Cavendish Rodrigo de Torres
Styrkar
3 linjeskip 3 linjeskip
Tap
154 drepne eller skadde[1] 20 drepne,
27 skadde[1]

Slaget ved Kapp St. Vincent var eit mindre sjøslag i kvadrupelalliansekrigen, utkjempa 21. desember 1719 nær Kapp St. Vincent mellom ein skvadron på tre britiske linjeskip under kommandør Philip Cavendish og ein skvadron med dei spanske linjeskipa «Tolosa», «Hermiona» og «Guadalupe» under Don Rodrigo de Torres sendt frå Santander til Cádiz for å unngå at han vart kapra av den engelsk-franske styrken som patruljerte Biscayabukta.

Den spanske skvadronen, som hadde kapra ein britisk fregatt og ein korvett få dagar før slaget, tvinga den britiske flåten til å trekkje seg attende til Gibraltar med store tap etter ein fem timar lang kamp. Dei nådde fram til Cádiz den 2. januar 1720. Pedro Messía de la Cerda, framtidig kaptein på linjeskipet «Glorioso», under den kjende reisa der dei første gull frå Spansk Amerika til Spania, og statthaldar i Ny-Granada, tok del i kamphandlinga på eit av dei spanske skipa.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Duro p.172
  2. Arsenal p.226