Slaget ved Kapp Passaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Kapp Passaro
Del av Kvadrupelalliansekrigen
The Battle of Cape Passaro.jpg
Slaget ved Kapp Passaro, 11. august 1718 av Richard Paton (olje på lerrett, 1767)
Dato 11. august 1718
Stad Kapp Passaro i Sicilia
Resultat Avgjerande britisk siger
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Flagget til Spania Kongedømet Spania
Kommandantar
Det britiske flagget Sir George Byng Flagget til Spania Antonio de Gaztañeta
Flagget til Spania Fernando Chacón
Styrkar
22 linjeskip og 6 andre 18 fregattar, handelsskip og linjeskip og 27 andre
Tap
mindre 13 skip erobra og 3 sett i brann

Slaget ved Kapp Passaro (eller Passero) var nederlaget til den spanske flåten under admiral Antonio de Gaztañeta og Fernando Chacón for ein britisk flåte under admiral George Byng, nær Kapp Passero i Sicilia, den 11. august 1718, fire månader før kvadrupelalliansekrigen formelt vart erklært.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Spaningar mellom Spania og Storbritannia var stor. Den 2. august 1718 kravde kvadrupelalliansen med Det tysk-romerske riket, Kongedømet Frankrike, Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda at Spania skulle trekkje invasjonsstyrkane sine ut frå Sicilia og Sardinia. Den britiske flåten hadde sett i land ein liten austerriksk armé nær Messina, som kringsette byen som var kontrollert av spanjolane.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den spanske flåten bestod av 26 krigsskip, to brannskip, fire bombefartøy, sju galeiar og fleire andre skip med forsyningar. Flåten segla spreitt og då dei britiske skipa kom til syne vart det i starten ikkje rekna som noko fare, og dei var ikkje klar over ultimatumet til kvadrupelalliansen. Den spanske flåten delte seg i to - dei mindre skipa segla mot kysten, medan dei større skipa møtte britane. HMS «Canterbury», under George Walton vart skild ut i lag med HMS «Arygll», HMS «Burford» og fire andre skip for å setje etter den første gruppa, og kapra dei fleste av dei. Desse kapra spanske krigsskipa vart sidan samla ved Menorca.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Fire månader seinare, den 17. desember 1718, erklærte Frankrike, Storbritannia og Austerrike krig mot Spania, og starta kvadrupelalliansekrigen. Nederlanda vart med seinare og erklærte krig mot Spania i august 1719.

Utan at spanjolane klarte å gripe inn, erobra den austerrikske armeen Messina året etter, og øydela dei gjenverande spanske skipa i hamna. Samla sett førte desse hendingane til at den spanske kongen aksepterte vilkåra til kvadrupelalliansen i 1720.

Byng fekk ei fin løn for denne sigeren av kong Georg I av Storbritannia, og fekk full makt til å forhandla med dei forskjellige fyrstane og statane i Italia, på vegner av den engelske krona. Då han kom attende til England i 1721, vart han kontreadmiral for Storbritannia og medlem av Privy Council. Han vart òg adla som Baron Byng av Southill og 1. vicomte Torrington i Devon.

Av skipa som vart kapra i slaget hadde «Principe de Asturias» tidlegare vore det britiske skipet HMS «Cumberland» med 80 kanonar, som vart kapra av Frankrike i 1707 og seinare seld til Spania. Etter slaget ved Kapp Passaro vart ho seld til Austerrike. I 1731 tilbaud britane seg å gje attende dei andre kapra skipa som låg ved Menorca, men dei hadde då forfalle og hogde opp i staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]