Snøbær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snøbær


Snøbær (Symphoricarpos albus) i blomstring
Snøbær (Symphoricarpos albus) i blomstring

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Dipsacales
Familie: Caprifoliaceae
Slekt: Symphoricarpos
Art: S. albus
Vitskapleg namn
Symphoricarpos albus

Snøbær, (latin: Symphoricarpos albus) òg kjent som vanleg snøbær, kvitsnøbær eller krattsnøbær, er ein busk i snøbærslekta i kaprifolfamilien. Han høyrer naturleg heime i Nord-Amerika der ein finn han i store delar av Canada og det nordlege USA.

Snøbærbusken veks i skuggefulle og fuktige fjell- og skogshabitat, i skogsmark og på flaumjorde og elvebankar. Han trivst på ei rekkje typar habitat.[1] Planta er naturalisert i delar av Storbritannia, der ho har blitt planta som ornament og som dekke for vilt.[2] Det er ein opprett, bladfellande busk, med ein stivgreina hovudstamme og ofte med fleire skot frå ein jordstengel (rhizoma). Han kan spreie seg og kolonisere eit område og danne tette kratt.[1] Maksimumhøgda er 2 meter. Blada sit motsette på spreiande greiner. Dei er generalt ovale, men varierer i storleik og form kan vere opp til 5 cm lange, eller litt større på årsskota. Blomsterstanden er ein klase med opptil 16 blomstrar. Kvar blome har ein liten, fem-tanna calyx (beger) av begerblad. Dei bjølleforma, runde kronblada er om lag 0.5 cm lange, med kraftig lilla farge. Dei har spisse faldar ved munnen og er fylt med kvite hår. Frukta er kjøtaktig kvit, bærliknande steinfrukt om lag ein centimeter brei. Kvar frukt inneheld to frø. Planta kan reprodusere via frø, men hovudsakleg via vegetativ fomering, reproduksjon ved å spire frå si spreiande rhizom.[1] Fuglar spreier frøa etter at dei har ete frukta.[1]

Busken er ei viktig matkjelde for ei rekke dyr som tjukkhornsau, kvithalehjort og grizzlybjørn.[1] Husdyr som storfe og sau kan ete av busken.[1] Mange fuglar og små pattedyr nyttar busken for mat og skjul.[1] Kinnposerotter kan grave holer under snøbærbusken om vinteren.[1]

Indianarane nytta planta som medisin og til såpe, og nokre gonger til mat. Sjølve treet vart nytta som pilskaft.[1]

Busken blir nytta for å hindre erosjon på flaummarkområde, og ho er planta i økologiske restaureringsprosjekt på forstyrra område som nedlagte gruver.[1] Den kvite frukta gjer henne populær som ornamentplante.[1]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Det er to variantar:

  • S. albus var. albus, naturleg i den austlege delen av Nord-Amerika
  • S. albus var. laevigatus, naturleg på Stillehavskysten. Dette er ein større busk, opp til 2 m høg og med litt større frukter. Somme botanikarar ser på dette som ein eigen art, Symphoricarpos rivularis.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 US Forest Service Fire Ecology
  2. Gilbert, O. L. (1995). Symphoricarpos albus (L.) S. F. Blake (S. rivularis Suksd., S. racemosus Michaux). Journal of Ecology 83:1 159-66.

Eksternel lenker[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Snøbær