Stadler FLIRT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NSB type 74 og 75
NSB BMb 74501 1.jpg
Type 74 på Innotrans 2010 i Berlin

Foto: MPW57

Informasjon
Type Elektrisk motorvogn
Litra NSB type 74 og 75
Produsent Flag of Switzerland.svg Sveits Stadler, Bussnang
Byggeår 20112012 / 20122013
Passasjerar 264 / 295
Spesifikasjonar
Akselrekkefølge Bo' 2'2' Bo' + 2'2' Bo'
Drivhjuldiameter 920 mm
Lengd 105500 mm
Høgd 4380 mm
Toppfart 200 km/t
Yting 6120 hk
4500 kW

Stadler FLIRT, kjent - utan «engelsk uttale» - som Flirt[1] (tysk akronym for: Flinker Leichter Innovativer Regional Triebzug; engelsk: Fast Light Innovative Regional Train; omsett til norsk: Raskt, lett, innovativt regiontog) er ein serie elektriske togsett utvikla av togprodusenten Stadler Rail med hovudbase i Bussnang i det nordlege Sveits. Utviklinga starta i 2001 og dei første toga vart leverte i Sveits i 2004.

Togsetta er romslege og kan leverast i ei rekke ulike variantar for å kunne tilpassast alt frå mellomdistanse regionaltog til lokaltog i bynære område. Dei vert leverte med frå to til seks vogner. Store delar av vognene har lågt golv og tilfredsstiller derfor generelle krav til tilgjenge for alle. Låggolvsløysingane gjer at mykje av det tekniske utstyret er plassert på taket, noko som òg gjer at det ligg betre verna og vil vere lettare tilgjengeleg for vedlikehald. Stadler har pr januar 2011 levert eller fått bestilling på over 600 FLIRT-sett.

FLIRT i Noreg[endre | endre wikiteksten]

18. august 2008 betemte[2][3] styret i NSB å tinge 50 nye togsett av typen FLIRT frå Stadler Rail til ein totalkostnad på 4 milliardar kroner. Dette er NSB si største investering i togsett nokonsinne. Av desse 50 er det tinga 24 korte regiontog og 26 lange lokaltog, med ein generell opsjon på ytterlegare 100 togsett. Toga vil ha eige underhaldningssystem.[4]

FLIRT frå Pustertalbahn under prøvekøyring
Foto: David Gubler

Leveringstidspunkt for togsetta var sett til 2012 og skulle falle saman med utbygginga av dobbeltspor i jernbanenettet (Vestfoldbanen og Askerbanen).

Dei norske togsetta har fleire modifikasjonar i høve til andre typar FLIRT. Den visuelt mest opplagte skilnaden frå dei andre typane er utforminga av fronten. Denne er tydeleg endra for å gi føraren betre vern i samanstøyt med mellom anna elg og lause objekt i sporet. Sidan Noreg har ein breiare profil enn resten av Europa er òg toga nokre desimeter breiare enn vanlege FLIRT, som mellom anna gjer det mogleg med 3+2 seteløysing i vognene. Toga er òg utstyrte med eit system for å smelte snø og is på bremsane, som vonaleg vil gi mindre av dei vinterproblema ein har i dag. Det at alle kritiske komponentar er bygd inn i toget eller plassert på taket[5] vil òg vere ein fordel under vinterbruk.

Hovudbasen for vedlikehaldet av FLIRT-setta vil vere på Sundland i Drammen, men det vil òg verte gjort vedlikehald på Nylende i Skien.[6]

Vinteren 2009 vart eit sveitsisk FLIRT-sett prøvekøyrt i Noreg.[7] Dette var SBB RABe 521 011-7 «Oberdorf/Weissenstein», eit fire-vogners to-straums sett heimehøyrande i Basel-området.

NSB type 74[endre | endre wikiteksten]

Type 74 er regionaltogvarianten og vart levert først. Desse er i første omgang sett inn i Inter-City-trafikken på Austlandet, der mellom anna NSB type 70 òg vert nytta i dag, som den etterkvart skal erstatte.

Det første togsettet av type 74 vart bygd ferdig 8. september 2010[8] og vart første gong vist under Innotrans[9] i Berlin i slutten av månaden. I løpet av 2011 begynte testkøyringar i Noreg. Eitt testkøyrande tog vart totalskadd etter ei alvorleg ulykke i februar 2012.[10] Årsaka til ulykka var truleg monaleg høgare fart enn tillate på den aktuelle strekninga. Det første toget vart sett i rutetrafikk 2. mai 2012.[11]

Vognene er nummererte som følger: BMa 74.1xx – BPa 74.2xx – BCMU 74.3xx – BPb 74.4xx – BMb 74.5xx

EVN-typen for desse toga vil vere 0401.

NSB type 75[endre | endre wikiteksten]

Type 75 er lokaltogvarianten som vil verte sett inn på dei lengre lokaltogstrekningane på Austlandet, slik som KongsbergEidsvoll. Desse togsetta vil verte leverte etter at type 74 er levert.

EVN-typen for disse togene vil vere 0402.


Utskiftingar[endre | endre wikiteksten]

I takt med at dei nye toga kjem i bruk, vert eldre togmodellar fasa ut.[12]

Togfunksjon Eldre modell Flirt-modell
Regiontog NSB type 70 Type 74
Lokaltog NSB type 69 Type 75

FLIRT i utlandet[endre | endre wikiteksten]

Då NSB tinga sine tog i august 2008 hadde Stadler levert 285 FLIRT-togsett til Sveits, Ungarn, Tyskland, Polen og Italia og det var totalt 413 togsett til Sveits, Tyskland, Austerrike, Frankrike, Italia, Ungarn, Algerie, Polen, Norge og Finland i bestilling. Mange av dei er vortne leverte sidan då.

Under finn ein nokre eksempel på FLIRT i andre land.

Den finske breispora Sm5
Foto: Junafani

Finland (Sm5)[endre | endre wikiteksten]

I Finland har det sidan 2009 vorte levert 4-vogners FLIRT til lokaltrafikken rundt Helsingfors. Desse har fått den finske nemninga Sm5. Toga vert køyrte av VR, men dei er eigde av eit nytt selskap som heiter Huvudstadsregionens Vagnpark Ab (finsk: Pääkaupunkiseudun Junakalusto Oy). Dette er eit interkommunalt selskap som er eigd av Helsingfors, Vanda, Esbo og Grankulla, men òg VR eig omtrent ein tredel av det. Ein har oppretta selskapet for å ha ei betre styring med utgifter i kollektivtrafikk i byen, men det gjer det mogleg ein gong i framtida legge trafikken ut på anbod, der Huvudstadsregionens Vagnpark er eigaren av materiellet. Inntil vidare har VR monopol på all jernbanetrafikk i landet.

Sm5 er utrusta med totalt 260 sete og opp til 323 ståplassar, og er likt med type 74 og 75 heile 3,2 meter breie. Toga går på 1524 mm breispor.


Sveitsisk RABe 521 i lokaltrafikk rundt Zug
Foto: David Gubler

Sveits (RABe 521/522/523/524/526)[endre | endre wikiteksten]


Tysk FLIRT tilhøyrande DB Regio
Foto: Richard Schröder

Tyskland (426.1/427/428/429)[endre | endre wikiteksten]


Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]