Hedda-prisen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Heddaprisen)
Hedda-prisen er ein norsk teaterpris delt ut i samarbeid mellom Norsk teater- og orkesterforening, Norsk Teaterledelsesforum, Aksel Waldemar Johannesens minnefond og Nationaltheatret. Han blei delt ut første gong i 1998.
Sjølve prisen er ein statuett laga av Nina Sundbye som viser Hedda Gabler med eit pistolhandtak som fot. Årets debutant får eit stipend som pris.
[endre] Prisar
Faste kategoriar er:
- Beste kvinnelege hovudrolle
- Beste mannlege hovudrolle
- Beste kvinnelege birolle
- Beste mannlege birolle
- Beste regi
- Beste førestilling
- Årets teaterprosjekt (Årets begivenhet)
- Beste scenografi/kostyme/lysdesign
- Beste barne- og ungdomsførestilling
- Særleg fagleg innsats
- Årets debutant
Nokre år blir det også delt ut ein ærespris. Denne har gått til Wenche Foss (2002), Jon Fosse (2003) og Toralf Maurstad og Espen Skjønberg (2005).
[endre] Kjelder
- Store norske leksikon, snl.no, «Hedda-prisen»
- Om Heddaprisen ved nto.no
- Heddaprisar 2009 ved nto.no