Steinerskular

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Steinerskulen. (Sjå eventuelt diskusjon)
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Steinerskule i Trier.
Michael Park Rudolf Steiner School in Auckland

Steinerskular eller waldorfskular er skular som byggjer på steinerpedagogikk eller waldorfpedagogikk, ein utdaningsfilosofi formulert av den austerrikske filosofen Rudolf Steiner, grunnleggjaren av antroposofien. Læring i steinerskular er tverrfagleg og integrerer praktiske, kunstneriske og konseptuelle element.[1] Steinerpedagogikken legg vekt på rollen til elevane sin fantasi,[2][3][4] og utvikling av tenking som omfatter både ein kreativ og ein analytisk komponent.[5][6] Det overordna målet for pedagogikken er å gje unge menneske eit grunnlag for å utvikla seg til frie, moralske,[7][8] og integrerte individ,[2][9][10] og hjelpe kvart enkelt barn til å oppfylle si unike skjebne, som antroposofien legg vekt på eksistensen til.[11][12] Skular og lærarar har stor fridom til å utforme innhaldet i undervisinga innanfor ein kollegial struktur.[13]

Den fyrste steinerskulen vart grunnlagd i 1919 i tilknyting til Waldorf-Astoria-fabrikken i Stuttgart. I 2009 var det 994 steinerskular i 60 land;[14] i 2001 var det videre 1400 steinerbarnehager og 120 spesialpedagogiske institusjonar i ulike land.[15] Det finst også offentlege skular, charterskular og heimeundervisingsmiljø som byggjer på steinerpedagogikken i varierande grad,[2] og steinerpedagogiske ideer har òg ein stor påverknad på andre offentlege og private skular, særleg i USA.[16][17]

Uttrykka steinerskular og steinerskulepedagogikk vert for det meiste nytta i Danmark og Noreg; i resten av verda er skulane og pedagogikken for det meiste kjend som waldorfskular og waldorfpedagogikk.

Pedagogikk og teori om borns utvikling[endre | endre wikiteksten]

Utdaningsløpet i steinerskular byggjer på Steiners syn på borns utvikling, som skildrar tre hovudfaser i barndomen (og ei rekkje underfaser), som kvar har ulike læringskrav.[18] Hovudfasene i barndomen er i hovudtrekk samanfallende med fasene skildra av Piaget.[19]

  • I tidleg bandom er læring i hovudsak utforskingsbasert, imitativ og sensorisk basert.[20] Læringen legger vekt på praktiske aktiviteter.[21]
  • I barneskulealderen (7-14 år) er læring sett på som som kunstnerisk og fantasibasert. I desse åra legger steinerpedagogikken vekt på å utvikle born sine emosjonelle liv og kunstneriske uttrykk gjennom ei rekkje visuelle og scenebaserte kunstneriske aktivitetar.[18][22]
  • I ungdomen utviklast den abstrakte og analytiske tenkeevna[21], og vekta blir lagt på utvikling av intellektuell forståing og etiske ideal som sosialt ansvar.[18]

Steinerpedagogikken er uvanleg og kanskje unik i den konsistensen, grundigheita og kreativiteten som ligg bak det 12-årige skoleløpet, basert på born sine akademiske, emosjonelle og fysiske utvikling; dei underliggande prinsippa representerer ein pedagogisk tradisjon som går tilbake til Comenius og Pestalozzi.[23]:p. 31 Dens metodologi oppmuntrer til kollaborativ læring.[24]

Barnehage og førskule: frå fødsel til 6- eller 7-årsalderen[endre | endre wikiteksten]

Steinerpedagogikken nærmar seg læring i den tidlege barndomen gjennom imitasjon og døme.[25][26] Det blir brukt mykje tid på rettleidd fri lek i klasseromsmiljø som er heimleg utforma, med naturmaterialer og som gjev døme på produktivt arbeid born kan ta del i;[18] eit slikt miljø blir oppfatta å støtte opp om born sine fysiske, emosjonelle og intellektuelle vekst gjennom assimilativ læring. Utandørs lek blir vanlegvis òg integrert i skolekvardagen. Målet er å gje born opplevelser av naturen, veret og årstidene. Steinerpedagogikken legg vekt på bruk av song, dikt og bevegelsesleker for å fremje munnleg språkutvikling. Undervisinga omfattar ein dagleg eventyrfortelling.[19]

For å styrka utvikling gjennom leik nyttar ein gjerne enkle materialar frå naturlege kjelder. Waldorfdokker er enkle for å styrke borna si fantasi og kreativitet. Steinerskular fraråder ofte at barnehagebarn og dei minste skuleborna blir for utsett mediepåvirkning gjennom fjernsyn og datamaskiner, då dei meiner dette er skadeleg for den tidlege utviklinga til born.[20][27]

Pedagogikken legg vekt på at born tidleg opplever ein dagleg og årleg rytme, herunder høgtidar frå ei rekkje tradisjonar. Tradisjonelt feirar steinerskular i den vestlege verda Mikaelsfest og Martinsdag om høsten, jul om vinteren, påske om våren og Sankthans om sommeren.[28] I økende grad har andre kulturelle og religiøse tradisjoner blitt en del av skolehverdagen.[29] I andre verdsdeler, slik som Israel, muslimske eller buddhistiske land, er dei viktigaste høytidene henta frå desse kulturane.

Barneskule: frå 6- eller 7-årsalderen til 14-årsalderen[endre | endre wikiteksten]

I steinerskulane byrjar borna på skulen når dei er eller nærmar seg sju år. Barneskulen fokuserer på eit tverrfagleg kunstbasert pensum med vekt på visuell kunst, bevegelseskunst (eurytmi), vokal og instrumentell musikk og handverk.[30] I barneskulen lærar elevane to framandspråk (i Noreg tysk og engelsk, og i engelskspråklege land vanlegvis tysk og anten fransk eller spansk).

Dei fyrste åra blir elevane fyrst presenterte for lærestoffet gjennom forteljingar og bilete, og det faglege lærestoffet er integrert med visuell og plastisk kunst, musikk og bevegelse.[31] Undervisningen er i liten grad basert på standardiserte lærebøker;[23] i stedet lager hver elev sin egen silkebok med tekster og illustrasjoner.[32] Skulekvardagen byrjar normalt med hovudfag, som er ein skuletime på mellom halvannen time og to timar som fokuserer på eit enkelt tema over inntil ein månad.[6]

Det er eit mål for dei fleste steinerskular at klassene har same klasseforstander gjennom heile barneskulen, og at klasseforstanderen skal undervise i dei viktigaste faga dei fyrste åra.[6]

Steinerpedagogikk dei fyrste åra i barneskulen er basert på inviduelle variasjonar i læringshastigheita, bygd på føresetnaden om at eit barn vil forstå eit konsept eller oppnå ein ferdighet når han eller ho er reie.[12] Samarbeid anses som viktigere enn konkurranse.[11][33]

Ungdomsskule og vidaregåande skule[endre | endre wikiteksten]

Frå ungdomsskulen av blir elevane undervist i langt større grad av fagspesialiserte lærarar. Undervisinga fokuserer langt sterkare på akademiske ferdigheter enn i barneskulen,[34] men elevane fortset å få undervising i kunstartene, musikk og handverk.

Elevane blir oppmuntra til å utvikle sin sjølvstendige og kreative tenkeevne. Pensumet er strukturert for å hjelpe elevane å utvikle ei kjensle av kompetanse, ansvar og meining,[5]:144 og for å styrke ei forståing av etiske prinsipp og sosialt ansvar.[18]

Pensum[endre | endre wikiteksten]

Det finst retningslinjer for læringsinnholdet i steinerpedagogikken som det er stor semje om;[35][36][37] dei einskilde skulane er likevel sjølvstendige institusjonar som ikkje er pålagt å følgje eit fastsett pensum. Statsfinansierte steinerskular er i endel tilfelle pålagt å inkorporere delar av pensumet til dei offentlege skulane. Steinerpedagikken har sidan starten vore bygd på føresetnaden om dei mange intelligensane.[38]

Det er nokre fag som stort sett er unike for steinerskulane. Blant desse er eurytmi. Faget har til føremål å gje elevar og klassar «ei kjensle av integrasjon og harmoni».[11] Kunstartene har ein viktig plass i steinerpedagogikken, og integreringa av kunstartene i steinerskulane har vorte halde fram som eit døme for andre skuleslag.[39]

Opphav og historie[endre | endre wikiteksten]

Vekst i antall steinerskular på verdensbasis, 1925–2009

Steinerskulane voks fram i oppbruddstida i Tyskland etter fyrste verdskrig, i samanheng med tregreningsrørsla og andre sosiale initiativ som hadde vakse fram med antroposofien som utgangspunkt. Rudolf Steiner skreiv si fyrste bok om pedagogikk[40] i 1907. Den fyrste skulen basert på tankane til Steiner opna i 1919. Direktøren ved Waldorf Astoria-fabrikken i Stuttgart, Emil Molt, bad Steiner om å bistå med opprettinga av ein skule for dei tilsette ved fabrikken. Denne skulen gav namn til skuleslaget og pedagogikken kjend som waldorfskular og waldorfpedagogikk i dei fleste landa, og som steinerskular og steinerpedagogikk i einskilde land. Skulen i Stuttgart voks raskt og etter kort tid var dei fleste elevane ikkje knytt til Waldorf Astoria-fabrikken.

Etter invitasjon frå professor Millicent Mackenzie presenterte Steiner dei pedagogiske ideane sine i Oxford sommaren 1922, og dette førde til ein oppblomstring av steinerpedagogikk i Storbritannia. I Steinar sine eiga levetid vart det skipa skular som bygde på hans filosofi i Hamburg, Essen, Haag og London, og fleire nye skular vart oppretta i åra etter døden hans. Den fyrste norske skulen, Rudolf Steinerskolen i Oslo, vart grunnlagd året etter av ein arbeidsgruppe med m.a. Bokken Lasson. I 1938 fanst det ei rekkje steinerskular i USA, Storbritannia, Sveits, Nederland, Noreg, Austerrike, Ungarn og Tyskland. Dei fleste skulane i Europa måtte stenge på grunn av naziregimets fiendtlege haldning til dei, og berre skulane i Storbritannia og einskilde nederlandske skular kunne fortsetje aktiviteten. Skulane opna igjen etter andre verdskrigen.[41] I juni 2009 var 994 steinerskular på verdensbasis.[14]

Tradisjonelt har steinerskulane vore forankra i Europa. Antal skular utanfor Europa har auka dei seinare åra, noko som har ført til ein revurdering av delar av pensumet til skulane for å tilpasse dei andre kulturar.[42]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Steinerpedagogikken har som føresetnad at alle skular (ikkje berre steinerskular) bør vere selvstyrte og at lærarar i høg grad bør ha kreativ og fagleg fridom;[31][43][30] Dei fleste steinerskulane har ikkje nokon rektor, men blir i staden styrt kollegialt av lærarkollegiet. Ved endel skular delegerast rollar som pedagogisk leiar og forvaltningsleiar av lærarkollegiet.

Foreldra ved skulane blir oppfordra til å delta aktivt i liva til skulane.[11]

Steinerskulane har samarbeidsorgan/-organisasjonar både på nasjonalt og internasjonalt plan (t.d. Forbundet Steinerskolene i Norge, International Association for Waldorf Education og European Council for Steinar Waldorf Education). Desse organisasjonane gir godkjenning som steinerskular, og har ei viktig rolle i utarbeiding av rettleiande læreplanar. I nokre land er steinerskulane òg godkjent av offentlege styresmakter.

Sosialt engasjement[endre | endre wikiteksten]

Steinerskular freistar å styrka elevane sitt sosiale ansvar,[44] respekt og medkjensle, å utvikla deira samarbeidsevner og å førebu elevane på bidra til kulturell og samfunnsmessig fornying;[45] studier har vist at steinerskuleelever i uvanleg høy grad er orientert mot å forbedre samfunnet og har et mer positivt syn på fremtiden.[46] Studier i Tyskland og Sverige har også synt at steinerskuleelevar har større toleranse for svake grupper i samfunnet og mindre toleranse for rasisme, er særmerkt av større ansvar i sosiale og moralske spørsmål, er meir oppteke av at val skal byggje på eigen tenking, har mindre toleranse for mobbing og er meir oppteke av miljøspørsmål enn elevar i offentleg skule.[47][48][49][50] Utdanningsfilosofien har vorte løfta fram for si vekt på fred og toleranse.[51]

Interkulturelle forbindingar i polariserte samfunn[endre | endre wikiteksten]

Steinerskular har bidrege til brobygging mellom polariserte samfunn fleire stadar i verda.

  • Under apartheidregimet i Sør-Afrika var steinerskulane dei einaste kor svarte og kvite gjekk i same klasser, til trass for at dette førde til at skulane mista statsstøtte. Den steinerpedagogiske lærarskulen i Cape Town, Novalis Institute, har blitt løfta fram av UNECO som ein organisasjon med stor viktigheit for overvinninga av apartheid. I følgje UNESCO førebudde den grunnen for eit nytt og integrert samfunn.[51][52]
  • I Israel har steinerskulen i den antroposofiske kibbutzen Harduf både jødiske og arabiske elevar og lærarar, og har omfattande kontakt med omkringliggande arabiske samfunn.[53] Den driv òg ein arabiskspråkleg lærærhøgskule for steinerpedagogikk.[54] I Hilf utenfor Haifa er det grunnlagd ein arabisk-jødisk steinerbarnehage, den fyrste felles arabisk-jødiske barnehagen i Israel.[55][56]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rist and Schneider, Integrating Vocational and General Education: A Rudolf Steiner School, Unesco Institute for Education, Hamburg 1979, ISBN 92-820-1024-4, p. 150
  2. 2,0 2,1 2,2 Thomas William Nielsen, Rudolf Steiner's Pedagogy Of Imagination: A Case Study Of Holistic Education, Peter Lang Pub Inc 2004 ISBN 3039103423
  3. Carrie Y. Nordlund, "Art Experiences in Waldorf Education", Ph.D. Dissertation, University of Missouri-Columbia, May 2006
  4. Southworth, Cheryl Ridgeway, Geometry, fir trees and princes: Imaginative cognition in education, Ph.D. dissertation, The University of North Carolina at Chapel Hill, 1988, 294 pages; AAT 8823477
  5. 5,0 5,1 Freda Easton, The Waldorf impulse in education:Schools as communities that educate the whole child by integrating artistic and academic work, Ph.D. thesis, Columbia University Teachers College, 1995
  6. 6,0 6,1 6,2 Ogletree, Earl J., Creativity and Waldorf Education: A Study.
  7. Hether, Christine Anne, The moral reasoning of high school seniors from diverse educational settings, Ph.D. dissertation, Saybrook Graduate School and Research Center, 2001, 209 pages; AAT 3044032
  8. *"The overarching goal is to help children build a moral impulse within so they can choose in freedom what it means to live morally." - Armon, Joan, "The Waldorf Curriculum as a Framework for Moral Education: One Dimension of a Fourfold System.", (Abstract), Paper presented at the Annual Meeting of the American Educational Research Association (Chicago, IL, March 24-28, 1997), p. 1
  9. Peter Schneider, Einführung in die Waldorfpädogogik, Klett-Cotta 1987, ISBN 3-608-93006-X
  10. Ronald V. Iannone, Patricia A. Obenauf, "Toward Spirituality in Curriculum and Teaching", page 737, Education, Vol 119 Issue 4, 1999
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Ray McDermott, Mary E. Henry, Cynthia Dillard, Paul Byers, Freda Easton, Ida Oberman, Bruce Uhrmacher, "Waldorf education in an inner-city public school", Urban Review, June 1996
  12. 12,0 12,1 P. Bruce Uhrmacher, "Uncommon Schooling: A Historical Look at Rudolf Steiner, Anthroposophy, and Waldorf Education", Curriculum Inquiry, Vol. 25, No. 4 (Winter, 1995), pp. 381-406
  13. Mary Barr Sturbaum, Transformational Possibilities of Schooling: A Study of Waldorf Education, Ph.D. dissertation, Indiana University, 1997
  14. 14,0 14,1 List of Waldorf schools worldwide
  15. UNESCO 2001 Annex VI
  16. Stephanie Luster Bravmann, Nancy Stewart Green, Pamela Bolotin Joseph, Edward R. Mikel, Mark A. Windschitl, Cultures of Curriculum, Lawrence Erlbaum Associates, 2000. p81, "[Steiner, who] developed the Waldorf School system of education, is another whose ideas are reproduced, often less in whole than in part...in an expanding number of American public and private schools today."
  17. In Germany, "more than 2,000 participants per year, most of whom are state-school teachers, attend summer Waldorf pedagogical seminars in Stuttgart, Herne and Hamburg." Peter Schneider, Einführung in die Waldorfpädagogik, ISBN 3-608-93006-X, p. 16
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 Carolyn Pope Edwards, "Three Approaches from Europe", Early Childhood Research and Practice, Spring 2002
  19. 19,0 19,1 Iona H. Ginsburg, "Jean Piaget and Rudolf Steiner: Stages of Child Development and Implications for Pedagogy", Teachers College Record Volume 84 Number 2, 1982, p. 327-337.
  20. 20,0 20,1 Todd Oppenheimer, Schooling the Imagination, Atlantic Monthly, Sept. 99
  21. 21,0 21,1 P. Bruce Uhrmacher, Making Contact: An Exploration of Focused Attention Between Teacher and Students", Curriculum Inquiry, Vol 23, No 4, Winter 1993, pp433-444.
  22. Thomas William Nielsen, "Rudolf Steiner's Pedagogy of Imagination: A Phenomenological Case Study", Peter Lang Publisher 2004
  23. 23,0 23,1 Ullrich, Heiner, "Rudolf Steiner" "Prospects: the quarterly review of comparative education, UNESCO: International Bureau of education, vol XXIV, no. 3/4, 1994, pp. 555-572
  24. Grace Chen, How “Collaborative Reasoning” Could Be the Next Public School Trend, Public School Review, September 24, 2009
  25. Ginsburg and Opper, Piaget's Theory of Intellectual Development, ISBN 0-13-675140-7, pp. 39-40
  26. Rist and Schneider, Integrating Vocational and Generla Education: A Rudolf Steiner School, Unesco Institute for Education, Hamburg 1979, ISBN 92-820-1024-4, pp. 144-6
  27. Earl J. Ogletree, Creativity and Waldorf Education: A Study 1991, ERIC #ED364440, op. cit., p14
  28. Ida Oberman, "Waldorf History: A Case Study of Institutional Memory", Paper presented to Annual Meeting of the American Education Research Association, IL Mar 24-28, 1997, published US Department of Education - Educational Resources Information Center (ERIC)
  29. Fitzjohn, Sue, et al., Festivals Together: A Guide to Multi-Cultural Celebration, ISBN 1869890469
  30. 30,0 30,1 Carlo Willmann, Waldorfpädogogik, ISBN 3412167002. See "Ganzheitliche Erziehung", 2.3.3"
  31. 31,0 31,1 Freda Easton, "Educating the Whole Child, 'Head, Heart and Hands': Learning from the Waldorf Experience", Theory into Practice by Lawrence Erlbaum Associates, Inc., pp 87-94.
  32. TRESD Waldorf-methods charter schools
  33. Gay Ward, "Education for the Human Journey", paper presented at Australian Association for Research in Education International Conference 2-6 Dec. 2001, cited in DFES report
  34. Rist and Schneider, Integrating Vocational and General Education: A Rudolf Steiner School, Unesco Institute for Education, Hamburg 1979, ISBN 92-820-1024-4, pp. 146-8
  35. Martyn Rawson and Tobias Richter, The Educational Tasks and Content of the Steiner Waldorf Curriculum,
  36. E. A. Karl Stockmeyer, Rudolf Steiner's Curriculum for Waldorf Schools, Steiner Schools Fellowship, 1985
  37. Rena Upitis, In praise of romance
  38. Thomas Armstrong, cited in Boston Public Schools As Arts-Integrated Learning Organizations: Developing a High Standard of Culture for All, :"Waldorf education embodies in a truly organic sense all of Howard Gardner's seven intelligences. Rudolph Steiner's vision is a whole one, not simply an amalgam of the seven intelligences. Many schools are currently attempting to construct curricula based on Gardner's model simply through an additive process (what can we add to what we have already got?). Steiner's approach, however, was to begin with a deep inner vision of the child and the child's needs and build a curriculum around that vision."
  39. Ernest Boyer, cited in Eric Oddleifson, Boston Public Schools As Arts-Integrated Learning Organizations: Developing a High Standard of Culture for All, Address of May 18, 1995: "One of the strengths of the Waldorf curriculum is its emphasis on the arts and the rich use of the spoken word through poetry and storytelling. The way the lessons integrate traditional subject matter is, to my knowledge, unparalleled. Those in the public school reform movement have some important things to learn from what Waldorf educators have been doing for many years. It is an enormously impressive effort toward quality education."
  40. Rudolf Steiner: Die Erziehung des Menschen vom Gesichtspunkte der Geisteswissenschaft. Rudolf Steiner Verlag, Dornach 2003, ISBN 3-7274-5260-9.
  41. P. Bruce Uhrmacher, "Uncommon Schooling: A Historical Look at Rudolf Steiner, Anthroposophy and Waldorf Education", Curriculum Inquiry, Vol. 25, No. 4. Winter 1995
  42. Alduino Mazzone, Waldorf Teacher Education (Ph.D. dissertation, University of Adelaide), p. 164
  43. Rist and Schneider, Integrating Vocational and General Education: A Rudolf Steiner School, Unesco Institute for Education, Hamburg 1979, ISBN 92-820-1024-4, pp.8-10
  44. Robert McDermott, The Essential Steiner, Harper San Francisco 1984 ISBN 0-06-065345-0
  45. Christensen, Leah M., "Going Back to Kindergarten: Applying the Principles of Waldorf Education to Create Ethical Attorneys". Suffolk University Law Review, 2006
  46. Gidley, J. (1998). "Prospective Youth Visions through Imaginative Education." Futures 30(5), pp395-408, cited in Gidley, Batemen, and Smith, Futures in Education, Australian Foresight Institute Monograph Series, 2004 Nr. 5
  47. "Eingegangene Stellungnahmen zu der schriftlichen Anhörung zu dem Dringlichen Antrag der Fraktion BÜNDNIS 90/DIE GRÜNEN betreffend Bekämpfung des Rechtsextremismus in Hessen", p. 130
  48. Bo Dahlin et al.: Waldorfskolor och medborgerligt-moralisk kompetens. En jämförelse mellan waldorfelever och elever i den kommunala skolan (Waldorf schools and civic moral competency. A comparison of Waldorf pupils with pupils in public schools. Report 2004:2 Karlstad: Institution for educational science, University of Karlstad, Sweden.)
  49. A Summary of the Swedish Waldorf School Evaluation Project
  50. Waldorfskolan – en skola för människobildning? Slutrapport från projektet Waldorfskolor i Sverige
  51. 51,0 51,1 Tolerance: The Threshold of Peace., UNESCO, 1994.
  52. Peter Normann Waage, Humanisme og polemisk populisme, Humanist 3/2000
  53. Salaam Shalom Educational Foundation
  54. Salaam Shalom
  55. "Garten des Friedens", Anthroposophie Weltweit, 8/07
  56. When Ahmed met Avshalom, Israel21c, May 28, 2006. See the online version of article.

Lenkar[endre | endre wikiteksten]