Stjertmeis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stjertmeis


Stjertmeis
Stjertmeis

Systematikk
Rike: Animalia
Familie: Aegithalidae
Slekt: Aegithalos
Vitskapleg namn
Aegithalos caudatus

Stjertmeis (Aegithalos caudatus) er ein meiseliknande sporvefugl i stjertmeisfamilien. Fuglen er utbreidd i mesteparten av skogbeltet i palearktis, med unnatak av Island og Nord-Afrika. I Noreg finst fuglen i lauv- og blandingsskog i Sør-Noreg nord til Trondheimsfjorden, meir spreidd lengre nord og i Nordland og Troms. Han er ein sjeldan streiffugl i Finnmark. Hekkeområda er som oftast frodige og høgproduktive lokalitetar, ofte med høgstamma skog. Arten hekkar sjeldan i dei ytre og mest eksponerte kystområda på Vestlandet og i Trøndelag. Stjertmeisa likar best fuktige biotopar som t.d. orebelter langs vassdrag, bekkedalar og sumpskogområde. Fuglane treng ikkje større samanhengande skogområde og finn gode hekkelokalitetar i lauvskogrike kulturlandskap, spesielt der det framleis finst våtmarker.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er ca. 16 centimeter lang og 7-9 gram. Han har lang hale, kort nebb, kvitt hovud og er rosa på skuldrene og sidene. Ryggen er svart.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Stjertmeis er ein stand- og streiffugl, men somme år med ujamne mellomrom kjem det invasjonar frå aust. Dette kan hende i alle delar av landet. Hekkebestanden i Noreg varierer mellom 5000 og 20000 par. Stjertmeisa et mest insekt heile året. Om vinteren streifar stjertmeis rundt i små flokkar som oftast er sett saman av eit par foreldrefuglar og avkomet deira frå siste hekkesesong. Tidleg på våren, ofte i mars, vert flokkane splitta opp i par. Det vert utveksla individ mellom vinterflokkane, helst ved at unge hoer flyttar over i andre flokkar.

Fuglen byggjer kunstferdige reir. I april-mai legg hoa 10-12 egg. Desse vert ruga i 12-14 døgn. Ungane blir i reiret

Bakgrunnsstoff og referansar[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stjertmeis
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.