Storsalamander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Storsalamander

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

TriturusCristatus.jpg

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
Klasse: Amfibium (Amphibia)
Orden: Caudata
Familie: Salamandridae
Art: Storsalamander
Vitskapleg namn
Triturus cristatus
Storsalamander
Namn på andre språk
Svensk Större vattensalamander
Dansk Stor vandsalamander
Engelsk Great Crested Newt, Northern Crested Newt, Warty Newt
Tysk Kammmolch, Nördlicher Kammmolch
Fransk Triton crêté
Spansk Tritón crestado
Russisk Grebentsjatyj triton (Гребенчатый тритон)

Storsalamander (Triturus cristatus) er ein svart eller mørk brun salamander med enkelte svarte flekker. Buken er gul eller oransje og svartflekka. Huda er kornet og ru (småvortet).

Storsalamanderen har hovudutbreiingsområde rundt Oslofjorden, men finst òg separat på Vestlandet og i Trøndelag. Kroppsstorleiken varierer frå 10-15 cm, minst mot nordgrensa. Paringa er som regel i mai, men under enkelte tilhøve frå april til juni. Hoa legg 2-300 egg enkeltvis på gamle bladdelar eller vassplanter. Egga blir klekte etter to veker og metamorfoserar frå august til oktober. Storsalamander når kjønnsmogen alder etter 2-3 år, i nord etter 3-5 år. Overvintringa skjer frostfritt på land.

Vanlege habitat er dammar og våtmarker i kulturlandskapet, som gårdsdammar og vatningsdammar. Myrtjarn over ein viss pH er òg eit vanleg habitat. På grunn av den tynne huda til salamanderen, er den avhengig av fukt og flytter seg sjeldan langt frå dammen.

Denne sårbare amfibiearten har har lidd under seinare tids naturøydelegging, og er av denn grunn sett på som sårbar på Nasjonal raudliste. Det er i hovudsak moderniseringa av jordbruket, med drenering av våtmarker og dammer, som har hatt størst påverknad på storsalamanderen. I tillegg er han svært sårbar for utsetting av fisk, då larvane lever pelagisk og svært iaugefallande for rovfisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]