Strawbs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strawbs
Periode 1964
Sjanger Folk rock, progressiv rock, glam rock
Medlemmer
Dave Cousins
Chas Cronk
Dave Lambert
Rod Coombes
Oliver Wakeman

Strawbs er eit rockeband som blei starta i England i 1964. Dei hadde opphavleg namnet Strawberry Hill Boys og var eit bluegrassband, som etterkvart nytta fleire forskjellige stilartar som for eksempel folk, folk rock, glam rock og progressiv rock.

Bandet blei starta av vokalisten og gitaristen Dave Cousins, og har hatt mange forskjellige besetningar opp igjennom åra. Av dei mest kjende medlemmene er Sandy Denny, som i 1968 gjekk til Fairport Convention, Rick Wakeman, som i 1971 gjekk til Yes, Sonja Kristina Linwood, som i 1970 gjekk til Curved Air, Blue Weaver, som gjekk til Bee Gees og Don Airey.

Strawbs blei oppløyst i 1980, men samla på ny i 1983, og har sidan spelt med fleire av dei gamle besetningane. I 2009 var det medlemmene frå 1974 Hero And Heroine som turnerte, men med Oliver Wakeman på tangentinstrumenter i staden for John Hawken (fødd 1940), som pensjonerte seg i 2008.

Sidan 2000 har Dave Cousins saman med Brian Willoughby (til 2004), Chas Cronk (fra 2004) og Dave Lambert turnert i Europa og Nord-Amerika som «Acoustic Strawbs», med tre gitarar og vokal.

Strawbs markerte sitt 40-årsjubileum på Twickenham Stadium i London 12. og 13. september 2009.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Strawbs (1969)
  • Strawberry Sampler Number 1 (1969)
  • Dragonfly (1970)
  • Just a Collection of Antiques and Curios (1970)
  • From the Witchwood (1971)
  • Grave New World (1972)
  • Bursting at the Seams (1973)
  • All Our Own Work (1973) (utgjeve som «Sandy Denny and the Strawbs», innspelt i Danmark i 1967)
  • Hero and Heroine (1974)
  • Strawbs by Choice (1974) (samlealbum)
  • Ghosts (1974)
  • Nomadness (1975)
  • Deep Cuts (1976)
  • Burning for You (1977)
  • Deadlines (1977)
  • The Best of Strawbs (1978) (samlealbum)
  • Don't Say Goodbye (1987)
  • Preserves Uncanned (1990) demoar frå 1960-talet)
  • Sandy Denny and the Strawbs (1991) (nyutgjeving av All Our Own Work)
  • Ringing Down the Years (1991)
  • A Choice Selection of Strawbs (1992) (samlealbum)
  • Greatest Hits Live (1993)
  • Heartbreak Hill (utgjeve 1995 men innspelt 1978)
  • Strawbs in Concert (1995) (Live, BBC "In Concert" frå 1973 og 1974)
  • Halcyon Days (1997) (samlealbum)
  • Concert Classics (1999) (Live BBC 1977)
  • The Complete Strawbs (2000) (frå 30-års jubileumskonsert)
  • Baroque & Roll (2001) (Akustisk)
  • The Collection (2002) (samlealbum)
  • Tears and Pavan – An Introduction to Strawbs (2002) (samlealbum)
  • 20th Century Masters: The Millennium Collection: The Best of Strawbs (2003) (samlealbum)
  • Blue Angel (2003)
  • Déjà Fou (2004)
  • Full Bloom (2005) (Akustisk live)
  • Strawbs Live at Nearfest 2004 (2005)
  • Painted Sky (2005) (Akustisk live)
  • Recollection (2006)
  • A Taste of Strawbs (2006) (boks med 4 CDer, innspelingar frå 1967 – 2006)
  • Strawbs NY '75 (2007) (live 1975)
  • Lay Down with the Strawbs (2008) (live 2006)
  • The Broken Hearted Bride (2008)
  • Dancing to the Devil's Beat (2009)
  • Strawbs at the BBC (2010) (2 CD-er)
  • Sandy Denny and the Strawbs: All Our Own Work: The Complete Sessions (2010)
  • 40th Anniversary Celebration (2010) (Vol. 1: 2 CD-er Strawberry Fayre (med bl.a. Sonja Kristina Linwood, Rick Wakeman, Fire, Zeus, Cathryn Craig og John Ford) og Vol. 2: Rick Wakeman & Dave Cousins (CD+DVD))
  • Hero & Heroine In Ascencia (2011)
  • Acoustic Gold (2011) (Acoustic Strawbs live)

DVD[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Strawbs: The Chiswick House Concert (2002)
  • Strawbs Live in Tokyo (pluss filmen Grave New World) (2003)
  • Acoustic Strawbs Live in Toronto (2004)
  • Acoustic Strawbs – Live at Hampton Court Palace (2009)
  • 40th Anniversary Celebration (2010) (Vol. 2, Rick Wakeman & Dave Cousins (CD+DVD))

Film[endre | endre wikiteksten]

  • Grave New World (1973)
    • Spelt inn på videoband og består av musikkvideoar av dei fleste songane frå albumet med same namn.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • The Bruising of Hearts (Dave Cousins lyrikk) (1993)
  • Secrets, Stories and Songs (Dave Cousins samla lyrikk, 384 sider) (2010)

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Medlemmene sine nettstader