Don Airey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Don Airey
Don Airey 2005.jpg
Don Airey med Deep Purple i 2005
Verkeleg namn Donald Airey
Fødd 21. juni 1948 (66 år), Sunderland i England
Instrument tangentinstrument, orgel, synthesizer, vokal
Sjanger Rock, hardrock, heavy metal, bluesrock, progressiv rock, jazzfusion
Aktive år 1974 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Deep Purple, Rainbow, Ozzy Osbourne, Black Sabbath, Electric Light Orchestra, Gary Moore, Glenn Tipton, Judas Priest, Wishbone Ash, Whitesnake, Ten, Jethro Tull

Donald (Don) Airey (fødd 21. juni 1948) er ein engelsk tangentspelar. Han har vore medlem av rockebandet Deep Purple sidan 2002 då han tok over etter Jon Lord. Han vart først kjent som studiomusiker på slutten av 1970-talet, og var frå 1979 til 1981 medlem av bandet Rainbow. Han har hatt ein lang og produktiv karriere og spelt med artistar som Gary Moore, Ozzy Osbourne, Judas Priest, Black Sabbath, Jethro Tull, Whitesnake, Colosseum II, Sinner, Michael Schenker, Uli Jon Roth, Rainbow, Ten, Divlje jagode og Living Loud. Han har òg arbeidd med Andrew Lloyd Webber.

Som medlem av Deep Purple har han medverka på studioalbuma Bananas frå 2003, og Rapture of the Deep, utgjeve i 2005. Don Airey er òg enno aktiv som studiomusiker.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]