Subtropisk rygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjema som syner den relative plasseringa til den subtropiske ryggen. Der han normalt ligg er det roleg vind og i desse områda finn ein vanlegvis det ein kallar hestebreiddegrader.

Den subtropiske ryggen er eit høgtrykksområde som ligg kring 30 ºN og 30 ºS. Her finn ein hovudsakleg roleg vind, som er med på å redusere luftkvaliteten i dette området, som skapar tåke om natta og dis om dagen på grunn av den stabile atmosfæren her. Luft strøymer ut frå senteret av høgtrykksområdet mot høgare og lågare breiddegrader på kvar halvkule, og skapar både passatvindar og vestavindsbeltet. Ryggen flyttar seg mot polane om sommaren, og ligg lengst mot nord tidleg på hausten, før han flyttar seg mot ekvator om vinteren. Klimasyklusen ENSO kan påverke plasseringa av ryggen, der ryggen under La Niña kan flytte seg lenger nord enn vanleg, medan ein under El Niño kan få ei meir sørleg plassering. Denne endringa under ENSO-syklusane påverkar banane til tropiske syklonar, som oppstår sør og vest for ryggen. Sidan både plasseringa og styrken til den subtropiske ryggen varierer, forsterkar eller svekkar han monsunmønsteret.

Danning[endre | endre wikiteksten]

Varme frå jorda nær ekvator fører til omfattande stigande luftrørsler og konveksjon langs monsuntråget eller den intertropiske konvergenssona. Divergensen over tråget som ligg nær ekvator fører til stigande luftrørsler og til at luftar flyttar seg bort frå ekvator i høgda. Når lufta flyttar seg mot midlare breiddegrader vert ho avkjølt og byrjar å søkke. Dette medfører subsidens nær 30 ºN og S. Denne sirkulasjonen vert kalla ei hadleycelle og er opphavet til den subtropiske ryggen.[1] Mange av ørkenane i verda er skapt av desse klimatologiske høgtrykksområda.[2]

Forflytting[endre | endre wikiteksten]

Den subtropiske ryggen syner som eit stort svart (tørt) område på dette satellittbiletet som syner vassdamp frå september 2000.

Den subtropiske ryggen byrjar å forflytte seg mot polen seint på våren og når senit tidleg på hausten, før han trekker seg attende mot ekvator seint på hausten, vinteren og tidleg på våren. Forflyttinga mot ekvator på vinteren kjem av temperaturskilnaden mellom nord og sør aukar mellom polane og tropane.[3] Forflyttinga av den subtropiske ryggen er kraftig i samsvar med forflyttinga av monsuntråget eller den intertropiske konvergenssona.

Dei fleste tropiske syklonar oppstår på ekvatorsida av den subtropiske ryggen, og flyttar seg mot polane forbi aksen til ryggen, før dei svingar inn i vestavindsbeltet.[4] Når den subtropiske ryggen forflyttar seg på grunn av ENSO, så vil banane til dei tropiske syklonane gjere det same. Områda vest for Japan og Korea har langt færre tropiske syklonar frå september til november under ein El Niño og nøytrale år, medan det kinesiske fastlandet får langt fleire tropiske syklonar under år med La Niña. Under El Niño-år oppstår det eit brot i den subtropiske ryggen nær 130 ºA, som er gunstig for å få syklonar mot den japanske øygruppa, medan det i La Niña-åra oppstår tropiske syklonar lenger vest som gjer at det er større sjanse for at desse når Kina.[5] I Atlanterhavet ligg den subtropiske ryggen kring 5º lenger sør under El Niño-år, som fører til at dei tropiske syklonane òg har meir sørlege banar enn andre år.

Når den atlantiske fleirtiårige svinginga er gunstig for å få danna tropiske syklonar (1995 til i dag), forsterkar han den subtropiske ryggen i sentrale og austlege delar av Atlanteren.[6]

Påverknaden på globale monsunmønster[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå monsun.
Den normale plasseringa til den subtropiske ryggen i juli

Når den subtropiske ryggen nordvest i Stillehavet er sterkare enn normalr, fører dette til ein våt monsunsesong i Asia.[7] Plasseringa til den subtropiske ryggen er knytt til kor langt nord fukta frå monsunen og torevêret strekkjer seg inn i USA. Vanlegvis forflyttar den subtropiske ryggen over Nord-Amerika seg langt nord til at monsuntilhøva over Desert Southwest varer frå juli til september.[8] Når den subtropiske ryggen ligg lenger nord enn normalt, kan monsunvêret og torevêret flytte seg nordover og inn i Arizona. Når ryggen flyttar seg sørover blir det langt tørrare i denne perioden i Desert Southwest.[9]

Rolle i danning av dis og tåke[endre | endre wikiteksten]

Når ein får svak vind ved overflata fører subsidensen ein får like under den subtropiske ryggen til at partikkelmengda i lufta aukar i urbane område under ryggen, noko som fører til omfattande tørrdis.[10] Om den relative fukta stig til 100 % i løpet av natta, kan det oppstå tåke.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dr. Owen E. Thompson (1996). Hadley Circulation Cell. Arkivert 2009-03-05 ved Wayback Machine. Channel Video Productions.
  2. ThinkQuest team 26634 (1999). The Formation of Deserts. Arkivert 2012-10-17 ved Wayback Machine. Oracle ThinkQuest Education Foundation.
  3. Roger Graham Barry, Richard J. Chorley (1992). Atmosphere, weather og climate. Routledge. s. 117. ISBN 9780415077606. Henta 6. august 2010. 
  4. Joint Typhoon Warning Center (2006). 3.3 JTWC Forecasting Philosophies. Arkivert 2012-07-05 ved Wayback Machine. United States Navy.
  5. M. C. Wu, W. L. Chang og W. M. Leung (2003). Impacts of El Nino-Southern Oscillation Events on Tropical Cyclone Landfalling Activity in the Western North Pacific. Journal of Climate: s. 1419–1428.
  6. Dr. Gerald Bell, Dr. Muthuvel Chelliah, Dr. Kingste Mo, Stanley Goldenberg, Dr. Christopher Landsea, Eric Blake, Dr. Richard Pasch (2004). NOAA: 2004 Atlantic Hurricane Outlook. Arkivert 2019-01-01 ved Wayback Machine. Climate Prediction Center.
  7. C.-P. Chang, Yongsheng Zhang og Tim Li (1999). Interannual og Interdecadal Variations of the East Asian Summer Monsoon og Tropical Pacific SSTs. Part I: Roles of the Subtropical Ridge. Journal of Climate: s. 4310–4325.
  8. Arizona State University (2009). Basics of the Arizona Monsoon & Desert Meteorology. Arkivert 2009-05-31 ved Wayback Machine.
  9. David K. Adams (2009). Review of Variability in the North American Monsoon. United States Geological Survey.
  10. Myanmar government (2007). Haze. Arkivert 2007-01-27 ved Wayback Machine.
  11. Robert Tardif (2002). Fog characteristics. Arkivert 2011-05-20 ved Wayback Machine. University Corporation for Atmospheric Research.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]