Sukkerfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sukkerfuglar


Kappsukkerfugl, Promerops caferFoto: Alan Manson
Kappsukkerfugl, Promerops cafer
Foto: Alan Manson

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Promeropidae
Slekt: Promerops
Artar
  • Sjå teksten

Sukkerfuglar er ein liten biologisk familie, Promeropidae, av sporvefuglar som er avgrensa til det sørlege Afrika. Familien har ei slekt Promerops med to artar. Sukkerfuglane har brunleg farga fjørdrakt, lange nedbøygde nebb typisk for nektaretande sporvefuglar, og lange halefjører. Promeropidae utgjer ein av berre to fuglefamiliar avgrensa til det heilt sørlege Afrika, den andre familien er klippehopparar, Chaetopidae. I utsjånad og levevis liknar sukkerfuglane store langhala solfuglar, men kan vere nærare knytt til australske honningetarar.

Bandsukkerfugl er funnen frå Zimbabwe og sørover, bortset frå heilt sør i Sør-Afrika, i Kapprovinsen, der han er erstatta av kappsukkerfugl.

Begge artar er avhengig av Protea-plantar og finst i proteakratt. Kappsukkerfugl er funnen i fynbos, og har òg flytta inn i hagar og planteskolar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei to sukkerfuglartane er middels store sporvefuglar, veg mellom 26 og 46 gram og er 23-44 cm i lengd. Stjerten gjer ut for mellom 15-38 cm av lengda, halar hos kappsukkerfugl er samla lengre enn hos bandsukkerfugl. Hannfuglar har lengre stjert enn hofuglar hos begge artane, men skilnaden er meir tydeleg hos kappsukkerfugl. Samla sett er både kroppsstorleik og kroppsmasse størst hos hannar, det gjeld begge artane. Begge har lange og slanke nebb som er svakt bøygd, og igjen har hoer litt kortare nebb, som fører til skilnader i fôringsnisjar. Morfologi i skalle og tunge av sukkerfuglane er viser mykje likskap med honningetarar, eit resultat av konvergent evolusjon. Tunga er lang og kan stikkast fram og ut, ho er røyrforma og har riller mot spissen.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Nektar frå Protea-blomar gjev det meste av den energien desse artane krev, og dei utfører vesentleg pollinering av planteslekta. Føda blir supplert med insekt som tiltrekkjast av blomane.[2] Studiar av føda for sukkerfuglar syner at bier i familien Apidae og fluger gjer ut for ein stor del av kosthaldet, og at insekt blir snappa i lufta.

Hekkeåtferd og hekkevanar hos dei to artane av sukkerfuglar er svært like.[1] Begge artane er monogame, og hannar av sukkerfuglar vil forsvare territorium i hekkesesongen.[3] Hoa legg to egg i reiret som er bygd i ei forgreining i eit tre.

Taksonomi og artar[endre | endre wikiteksten]

Bandsukkerfugl
Foto: Alan Manson

Dei to artane av sukkerfugl har tidlegare vore handsama som same arten. Utbreiingsområdet for bandsukkerfugl er ikkje samanhengande, og for tida er det to aksepterte underartar, éin i nord og éin lengjer sør.

Clementslista tar òg tre andre slekter med i familien Promeropidae, alle med uklår taksonomisk status, alle i Afrika sør for Sahara. Til dømes var arten i Modulatrix, prikkstrupe, med leveområde i alpint Aust-Afrika, plassert i det tidlegare store taksonet som inkluderer timalar.[4] Artane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Modulatrix

  • Prikkstrupe, Modulatrix stictigula, Spot-throat, LC, Reichenow, 1906[7]

Slekt Arcanator

  • Flekkbryst, Arcanator orostruthus, Dapple-throat, VU, Vincent, 1933 [8]

Slekt Kakamega


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 de Swardt, Dawid (2008). «Family Promerops (Sugarbirds)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. ss. 486–497. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  2. Tjørve, K.M.C.; G.H. Geertsema, L.G. Underhill (2005-12-21). «Do sugarbirds feed on arthropods inside or outside Protea inflorescences?». Emu 105 (4): 293-297. 
  3. Calf, K. M.; C. T. Downs, M. I. Cherry (2003-01-01). «Territoriality and breeding success in the Cape Sugarbird (Promerops cafer)». EMU 103 (1): 29-35. 
  4. Beresford, P.; F.K. Barker, P.G. Ryan, T.M. Crowe (2005-04-22). «African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'». Proceedings of the Royal Society 272: 849-858. doi:10.1098/rspb.2004.2997. 
  5. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  7. BirdLife International (2014) Species factsheet: Modulatrix stictigula. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. september 2014
  8. BirdLife International (2014) Species factsheet: Arcanator orostruthus. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. september 2014
  9. BirdLife International (2014) Species factsheet: Kakamega poliothorax. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. september 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]